Myntete er ein urtete laga ved å la mynteblad trekka i varmt vatn,[1] eller ein te som er smaksett med mynte.

Myntete

I Korea er tradisjonell myntete kjend som bakha-cha (박하차), og blir laga med blad frå den lokale ville mynteplanten, Mentha canadensis.[2]

I India blir tradisjonell myntete kalla pudina chai (पुदीना चाय), og blir laga ved å la blad av grønmynte eller peparmynte i varm chai.[3][4]

I Nord-Afrika er myntete ein utbreidd drikk laga av grøn te i pulverform, grønmynte og sukker. Ein kan også nytta andre urte, blomar og appelsinblomevatn. På norsk kan ein kalla denne teen marokkansk myntete. I Mauritania, Marokko og Algerie kallar ein teen tay, atay eller lātāy, og i Tunisia et-tey.[5] Desse namna skil seg frå det typiske arabiske ordet for te, shai (شاي). Ordet ʾit-tāī kjem truleg frå nederlandsk thee.[6]

Det høge innhaldet av eteriske oljer i blada (1–2,5 %), særleg menthol, gjer myntete populær som ein helsebringande drikk. Han har ein avslappande effekt på musklar og fordøyingssystemet, og er lenge blitt brukt mot gastroenterologiske lidingar.[7]

Galleri endre

Kjelder endre

  1. «mint tea». Oxford Dictionaries. Arkivert frå originalen 26. februar 2018. Henta 24. februar 2018. 
  2. Jeong, Dong-hyo; Yun, Baek-hyeon; Yi, Yeong-hui, red. (2012). «Cha-ui bullyu-wa jongnyu». Cha saenghwal munhwa daejeon (på koreansk). Seoul, Korea: Hongikjae. ISBN 978-89-714-3351-5. Henta 24. februar 2018 – via Naver. 
  3. Nisha (5. november 2022). «Mint Tea | Pudhina Chai». Honey, Whats Cooking (på engelsk). Henta 13. november 2023. 
  4. Amit, Dassana (9. mai 2022). «Mint Tea (Pudina Tea)». Dassana's Veg Recipes (på engelsk). Henta 13. november 2023. 
  5. ʻArabiyya. Indiana University. 1975. s. 580. 
  6. Van Driem, George (2019). The Tale of Tea: A Comprehensive History of Tea from Prehistoric Times to the Present Day (på engelsk). Brill. s. 460. 
  7. Chumpitazi, B. P.; Kearns, G. L.; Shulman, R. J. (2018). «The physiological effects and safety of Peppermint Oil and its efficacy in irritable bowel syndrome and other functional disorders». Alimentary Pharmacology and Therapeutics (på engelsk) 47 (6): 738–752. PMC 5814329. PMID 29372567. doi:10.1111/apt.14519.