Myrmenn var eit uttrykk som vart nytta om norske borgarar som på 1800-talet skaffa seg stemmerett ved å kjøpa verdilaus jord, gjerne myr. Årsaka til dette var at den norske grunnlova fram til 1884 berre gav stemmerett til dei som eigde matrikulert jord.

Minnestein over myrmenn på Framnes på Ekne.

Det var Venstre som tok opp Marcus Thrane sin gamle ide om å kjøpa myrlappar til eigedomslause. I lovverket var det ikkje sett noko krav om kor stor desse myrlappane skulle vera. Arbeidarsamfunnsleiar Andreas Hølaas frå Kristiania var ein av dei som leia arbeidet med å registrera myrmenn. Christian Hornemann Knutsen ein av pionerane i arbeidarrørsla, organiserte for same sak eigne stemmerettstog 17. mai. Denne gongen greidde ikkje juristar å hindre slike oppkjøp og valet vart ein stor siger for Venstre i 1882. Eigedomslause grupper som fekk stemmerett omfatta husmenn, tenestefolk, handverkarar og juristar.

I 1884 vart reglane for stemmerett endra, slik at borgarar med årleg inntekt over 800 kroner i byane og 500 kroner på landsbygda fekk stemmerett. Vidare vart grunnlova endra same år, slik at jord måtte ha ein verdi over 20 kroner for å bli matrikulert. For jord som var matrikulert hadde lova inga tilbakeverkande kraft.

I 1898 vart lov om allmenn stemmerett for menn vedteke og ordninga med myrmenn mista krafta si. Kvinner måtte venta til 1909 før dei fekk stemmerett og til 1913 før dei fekk allmenn stemmerett ved stortingsval.

Ekne i Levanger kommune er det reist ein bauta over myrmenn som kjøpte verdilaus grunn her.

Kjelder endre

  • Bull Edvard: Arbeiderbevegelsens historie i Norge. (Bind 1, 1850.1900). Tiden Norske Forlag.