Myrra er saft av Commiphora-arter og Burseraceae. Treet veks i Arabia og Afrika. Sekretet er sveitta ut av borken og torka i luft. Myrra er gulbrune eller rødbrune, uregelmessige, sprø korn eller klumpar av vekslande storleik. Overflata er dekt av kvit-gult støv. Brotet er forma som ein kvelv, feittglinsande, gulbrunt til rødbrunt, ofte med matte, kvite årar og ljosare flekkar. Tynne stykke er gjennomskinnelege. Lukta er aromatisk; smaken er bitter og rivande.

Myrra
Myrratreet

Historie endre

Ifølgje myten skal myrraen ha fått namnet sitt etter prinsessa Myrrha som var dotter til kong Cinyras. Denne prinsessa vart så gripen av forboden kjærleik at ho flykta til Arabia der ho søkte ned i eit djup sorg. Venus omvandla ho til det treet som ber namnet hennar og som enno græt tårer, den bitre men rennande og helsebringende myrraen. Egypterne henta myrra frå landet Punt, sør for Egypt og brukte det til balsamering av sine daude. Myrra blir ofte nemnt i Bibelen t.d. i første Mosebok 37:25 «Så sette dei seg og ville eta. Då dei såg opp, fekk dei auge på ein karavane med ismaelittar som kom frå Gilead. Kamelane bar gummi, balsam og harpiks som dei skulle føra ned til Egypt.» . Dette viser at myrraen var ein betydeleg handelsvare allereie for 3500 år sidan. Han vart brukt i den heilage smurningen til israelittane i følgje andre Mosebok 30:23 «Ta krydra balsam av beste slag: 500 sjekel flytande myrra, halvparten så mykje eller 250 sjekel velluktande kanel, 250 sjekel velluktande sukkerrøyr og 500 sjekel kassia, alt etter vekta i heilagdomen, og dessutan ein hin olivenolje», til parfyme og røykelse og inngjekk i den drikken ein gav dei dødsdømte.

Bruk av myrra Grekarane brukte myrra og røykelse. I Apollotempelet i Miletus i år 243 f. Kr var det gull- og sølvkar, virak, myrra, kanel og andre krydder. Dioskorides skildrar fleire ulike sortar myrra, men tilrår berre at han blir brukt om han er frisk, lett, einsfarga med kvite stripar i brotet. Han skal òg vere bitter i smaken, velluktende og skarp. Plinius skildrar ein spesiell myrra som er samla utan inngrep i treet, og som inngjekk i israelittane sine tempelrøykelse. Òg i Koranen blir myrra nemnt. Myrra vart brukt mot eit stort mengd sjukdomar. Han vart brukt åleine og i blanding med andre lækjemiddel både til inntaking og til inngniding, i blanding med «kvikkemjølk» til augesalve, til munnvatn, mot dårleg lukt i armhulene, til tygging ved dårleg ånde og til snusing mot snue osb. Ein myrratinktur vart brukt for å få fortgang i fødselen, for å framkalle menstruasjon og mot lammingar ved slagtilfelle. Myrra vart òg brukt som tannpulver og tanntinktur. Sjølv om undersøkingar av verknadene til myrraen manglar, vart han brukt som hostestillende middel og stimulerande middel.

Den tredje gåva Jesusbarnet fekk av Dei vise menn var myrra.

Kjelder endre