Myrsmør (engelsk bog butter) er ei nemning som vert brukt om eit gamalt vaksliknade materiale som har vorte funne i torvmyrer i Nord-Europa, særleg i Irland og Skottland. Myrsmøret er kvitleg og har ein konsistens som minner om vaselin.

Myrsmør i ei tønne frå ei irsk myr.

Ein har gjort flest funn og funne størst mengder myrsmør i Irland og Skottland, men det er også gjort funn i Noreg, Nederlanda og dei tyske områda Schleswig-Holstein, Autfriesland og Pommern. Det eldste daterte myrsmørfunnet stammar frå Irland og har vorte tidfest til 500- eller 600-talet. Det har vorte funne i ulike slags trekjerald som bøtter, små tønner, trau og noko som liknar mykje på smørkinner.

Myrsmøret er eit hydrokarbon med animalsk opphav og vert òg kalla butyrellite. Fram til 2003 var ikkje forskarar og arkeologar heilt visse på kva opphavet til myrsmøret var. Forskarar ved University of Bristol undersøkte då feittsyrene i ulike myrsmørfunn og fann ut at i somme var det feittsyrer som kom frå mjølkeprodukt, og i andre prøvar kom dei frå kjøt/dyrefeitt. Dette ser ut til å stadfeste det mange lekfolk hadde trudd lenge, nemleg at myrsmøret var matvarer som var lagde i myrene for å nytte den låge temperaturen og det låge oksygeninnhaldet der til å forlengje haldbarheita på dei, eller at prosessen kanskje òg vart brukt til å høgne smaken på matvarene, slik ein kjenner det frå til dømes raking.

Bakgrunnsstoff endre