Ein myte (frå gresk μῦθος mythos «munnleg forteljing») kan vere

  • ei symbolsk framstilling, forteljing eller segn overlevert frå førhistorisk tid om skapinga, gudar og viktige hendingar; gudesegn .
  • ei utbreidd falsk (el. skeiv) oppfatning[1]
Solvogn frå bronsealderen formidlar myten om korleis sola vert dregen over himmelen.

I den første tydinga av ordet utgjer ei samling mytar frå ein kultur til saman mytologien i denne kulturen.

Mytar, segner og legender endre

Mytar skjer, i motsetnad til ei segn eller ei legende, som regel utanfor tid og rom. Ein myte skil seg frå ei segn ved at myten forsøkjer å forklare kvifor verda skikkar seg som ho gjer, medan segner oftare fokuserer på sosiale konfliktar. Legender byggjer på konkrete hendingar som går for å vere sanne.

Kjelder endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.