Mzaar Kfardebian (arabisk مزار كفردبيان) er eit skisenter i Libanon og den største vintersportsstaden i Midtausten. Det ligg ein times køyring frå Beirut, hovudstaden i Libanon. Det vert òg kalla Ouyoune el Simane,[1] og var tidlegare kjend som Faraya Mzaar.[2]

Den første skiheisen vart bygd her i 1960. Skisesongen varerer vanlegvis frå tidleg i desember til tidleg i april.[3] I dag har skianlegget 42 løyper som strekkjer seg over 80 km.[4]

Kjelder endre

  1. «Skiing in Lebanon». BootsnAll World Adventures. 7. januar 2012. Arkivert frå originalen 15. november 2017. Henta 13. juli 2014. 
  2. «Ski Mzaar.com». 27. september 2015. 
  3. Carter, T., Dunston, L., & Thomas, A. (2004). Syria and Lebanon. (s. 424). Lonely Planet.
  4. Ski liban. (n.d.). Retrieved from http://www.skiliban.com/

34°00′39.90″N 35°49′29.38″E / 34.0110833°N 35.8248278°E / 34.0110833; 35.8248278