Náxos (gresk Νάξος, italiensk Nasso, tyrkisk Nakşa)) er ei øy i Hellas og den største øya i Kykladane i Egearhavet med eit areal på 430 km². Ho var sentrum for den gamle kykladiske kulturen.

Náxos
Lokalt namn Νάξος
Náxos by
Náxos by
Geografi
Stad Egearhavet
Koordinatar 37°5′00″N 25°28′00″E / 37.08333°N 25.46667°E / 37.08333; 25.46667
Øygruppe Kykladane

Areal 429,8 km²

Høgaste punkt Zas (999 moh.)

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Kommune
Dei sørlege egeiske øyane
Náxos
Náxos og dei små Kykladane
Største busetnad Náxos (7 070 innb.)

Demografi
Folketal 17 970 (2011[1])
Folketettleik 41,7 /km²
Den tidlegare kommunen Náxos, no kommunaleininga Náxos

Náxos hadde tidlegare to kommunar, Náxos og Drymalía, men desse inngår frå 2011 som kommunaleiningar i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som òg omfattar dei mindre øyane Donoúsa, Koufonísia, Skhinoúsa og Iráklia. Kommunen høyrer til under periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane. Náxos er hovudstad i periferieininga.[2]

Den største byen og administrasjonssenteret på øya er Náxos by, stundom kalla Khóra. Andre større landsbyar er Filóti, Apérathos, Tragéa (Khalkí), Kóronos, Sagrí og Apóllonas.

Ved folketeljinga i 2011 hadde kommunaleininga Náxos 12 726 innbyggjarar, medan tettstaden Náxos by hadde 7 070 innbyggjarar.[1]

Náxos er ein populær turistdestinasjon med fleire lett tilgjengelege ruinar. Ho har mange vakre strender som Ajía Ánna, Ájos Prokópios, Kastráki, Mikrí Vígla, Pláka og Ájos Jeórjos, dei fleste nær Khóra.

Náxos er den frodigaste øya i Kykladane. Ho har god tilgang på vatn, som det elles finst lite av i området. Fjellet Zas (999 moh) er den høgaste toppen i Kykladane og fører til orografisk nedbør, som gjev meir nedbør på Náxos enn dei omliggande øyane.

Náxos i mytologien endre

 
Náxos by, tempelinngangen Portara er eit landemerke på Náxos.

I følgje gresk mytologi var den unge Zevs oppdradd i ei grotte i fjellet Zas (Zas tyder Zevs). Homer nemner «Dia», som tyder «den heilage gudinneøya».

Ei segn i heltetida før trojanarkrigen fortel om Thesevs som drog bort frå Ariadne, dotter til Minos, kongen av Kreta, på øya etter ho hadde hjelpt han med å drepe Minotauren og rømme frå labyrinten. Dionysos møtte ho og forelska seg. Men Ariadne, som ikkje orka vere borte frå Thesevs, tok livet sitt, i følgje athenarane, eller steig opp til himmelen i følgje eldre utgåver av soga.

I følgje ei anna segn skal Aloadae ha sett fjella Óssa og Pílio oppå kvarandre før Ólymbos, og gudane såg på dette som ein trugsel. For å løyse problemet fortalde Artemis Otus, ein av dei to brørne til Alodane, at om han stoppa omleiringa av Olympos, så ville ho verte elskaren hans ved Náxos. Ei anna soge fortel at Aloadae faktisk hadde slått seg ned på Náxos.

Historie endre

700- og 600-talet fvt. dominerte Náxos handelen i Kykladane.

I -502|502 fvt. gjorde innbyggjarane på Náxos opprør mot herrane sine i Persia. Dette opprøret førte til eit større jonisk opprør og så til den gresk-persiske krigen mellom Hellas og Persia.

Etter det fjerde krosstoget erobra Det latinske riket og venetianaren Marco Sanudo øya og tok like etter resten av Kykladane. Her oppretta han sjølv Hertugdømet Naxos. 21 hertugar i to dynasti styrte øygruppa fram til 1566, då osmanarane erobra øygruppa. Det venetianske styre heldt fram på spreidte øyer i Egearhavet fram til 1714.

 
Stranda Aghios Prokopis.

Den osmanske administrasjonen vart i praksis verande hos venetianarane. Svært få tyrkarar slo seg ned på Náxos og den tyrkiske påverknaden på øya er liten. Det tyrkiske styret varte fram til 1821 då øyane gjorde opprør. Náxos vart til slutt ein del av Hellas i 1832.

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Naxos frå Wikivoyage

Kjelde endre

  • Karl Kerenyi 1951. The Gods of the Greeks.