Nærings- og handelsdepartementet

Nærings- og handelsdepartementet skulle skape rammevilkår som styrkjer konkurranseevna i næringslivet, legge til rette for lønsam næringsverksemd basert på ny teknologi, kunnskap og menneskelege ressursar, sikre størst mogleg innverknad i og inngrep med EU til beste for norsk verdiskaping samt stimulere til auka utviklingsaktivitet og auka omstillingsevne i bedriftene.

Inngangen til Olje- og energidepartementet samt Nærings- og handelsdepartementet i Oslo
Foto: Alejandro Decap

Eigarskapsavdelinga i Nærings- og handelsdepartementet forvaltar statens eigardelar i rundt 80 kommersielle selskap.

Departementet vart lagt ned frå 1. januar 2014 da det vart slått saman med det tidlegare Fiskeri- og kystdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet.[1]

Historie endre

Nærings- og handelsdepartementet har røter tilbake til 1846 med Departementet for det Indre. Dagens struktur vart til frå 1. januar 1997.

Tidlegare departement med ansvar for næringssaker:

Politisk leiing endre

Trond Giske (Arbeidarpartiet) er frå 20. oktober 2009 statsråd og sjef for Nærings- og handelsdepartementet. Han blir støtta av tre Statssekretærar og ein politisk rådgjevar.

Underlagde etatar endre

  • Bergvesenet med Bergmeisteren for Svalbard - Statens sentrale fagetat for forvalting og utnytting av mineralressursar.
  • Brønnøysundregistra - Ansvarleg for ei rekke nasjonale kontroll- og registreringsordningar for næringslivet.
  • Garanti-Instituttet for Eksportkreditt (GIEK) - Det sentrale statlege organet for garanti-stilling og kredittforsikring av eksportkredittar.
  • Justervesenet - Ansvar for at Noreg har ein måleteknisk infrastruktur med nasjonal og internasjonal tillit.
  • Norges Geologiske Undersøkelse (NGU) - Produserer kunnskap om berggrunn, mineralressursar, lausmasser og grunnvatn.
  • Norsk Akkreditering - Utfører teknisk akkreditering og inspeksjon i samsvar med OECD sitt regelverk om god laboratoriepraksis.
  • Norsk Romsenter (NRS) - Skal bidra til å skape vekst for norsk høgteknologisk industri knytt til internasjonal romverksemd.
  • Patentstyret - Styret for det industrielle rettsvern. Skal hjelpe norsk næringsliv med å styrke verksemda sin gjennom kunnskap om industrielle rettar.
  • Sjøfartsdirektoratet - Har som overordna mål å oppnå høg sikkerheit for liv, helse, fartøy og miljø.
  • Skipsregistra - Bidrar til offentleg kontroll av registrerte skip og deira eigartilhøve.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre