Néa Smýrni
Lokalt namn Νέα Σμύρνη

Frå Venizélos-gata i Néa Smýrni
Geografi
Stad Aten
Koordinatar 37°57′N 23°43′E / 37.950°N 23.717°E / 37.950; 23.717
Areal 3,52 km²

Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Attikí
Sør-Aten
Hovudsete Néa Smýrni (73 076 innb.)
Demografi
Folketal 73 076 (2011[1])
Folketettleik 20 736 /km²

Néa Smýrni (gresk Νέα Σμύρνη) eller Nea Smirni er ein kommune i dei sørlege forstadane til Aten i Hellas. Kommunen inngår i byområdet til Aten, og høyrer frå 2011 administrativt til periferieininga Sør-Aten i periferien Attikí.[2] Néa Smýrni ligg om lag 5 km sørvest for sentrum av Aten og om lag 6 km aust for Pireus.

Området bestod tidlegare av jordbruksområde og noko skog. I 1922 kom det mange flyktningar til staden frå Smyrna (i dag Izmir) etter den gresk-tyrkiske krigen 1919-1922. Dei slo seg ned her og danna Néa Smýrni, eller Nye Smyrna, og området vart etter kvart urbanisert. I dag består området stort sett av bustadar.

Kjende personar frå Néa Smýrni endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre