Névé

ung, kornaktig snø

Névé er ein ung, kornaktig snø som delvis har smelta og så frose til att og vorte kompakt, men som ikkje enno har vorte til is. Denne typen snø er ofte assosiert med isbredanning gjennom prosessen nivasjon. Névé som overlever ei heil årstid med ablasjon vert til firn, som er både eldre og noko tettare. Firn vert etter kvart glasial is, den langvarige kompakte isen som isbrear består av. Isbredanninga kan ta alt frå dagar til år, avhengig av fryse- og smeltefaktorar. Ein ser ofte névé i skibakkar der det generelt vert mislikt som område det er lett å falle i.

Névé i Tabe-massivet.

Névé har ein minste tettleik på 500 kg/m³.

Névé kan òg syne til dei fjellområda der snøfall akkumulerer og vert névé som gjev tilførsel til isbrear.

Kjelder endre