Nürnbergprinsippa

Nürnbergprinsippa er eit sett av retningslinjer som vart laga for å definera kva som utgjer krigsbrotsverk, lovbrot mot freden og lovbrot mot menneskja og dessutan når ein kan straffeforfylgja individ som har utført slike lovbrot. Nürnbergprinsippa har namnet sitt etter Nürnbergprosessen, der dei vart laga som eit juridisk grunnlag for straffeforfylginga av leiande personar i Det tredje riket.

Nürnbergprinsippa endre

Prinsipp I endre

Kvar person som utfører ei handling som utgjer eit lovbrot av internasjonale lover er ansvarleg for dette, og kan hermed straffast.

Prinsipp II endre

Det faktumet at internasjonale lover ikkje fastset straff for ei handling som utgjer eit lovbrot under internasjonale lover, fritek ikkje personen som utførte handlinga frå ansvar under internasjonale lover.

Prinsipp III endre

Det faktumet at ein person som utførte ei handling som utgjer eit lovbrot under internasjonale lover handla som statsoverhovud eller ansvarleg offentleg tenestemann fritek han ikkje frå ansvar under internasjonale lover.

Prinsipp IV endre

Det faktumet at ein person handla etter ordrar frå regjeringa si eller ein overordna fritek han ikkje frå ansvar under internasjonale lover, så framt eit moralsk val faktisk var mogleg for han.

Prinsipp V endre

Kvar person som er tiltala for eit lovbrot under internasjonale lover har rett til ei rettferdig rettssak basert på fakta og lov.

Prinsipp VI endre

Dei fylgjande lovbrota nedan er straffbare som folkerettslege lovbrot:

a) Lovbrot mot freden
(i) Planlegging, førebuing, iverksetjing eller føring av aggressiv krig eller krig i strid med internasjonale traktatar, avtalar eller forsikringar;
(ii) Deltaking i ein felles plan eller konspirasjon for å utføra ei handling som nemnt i (i).
b) Krigsbrotsverk
Brot på lover eller skikkar for krigføring inkluderer, men er ikkje avgrensa til, mord, mishandling eller deportering for tvangsarbeid eller for noko anna føremål på/av sivilbefolkninga i eit okkupert område; mord eller mishandling på/av personar krigsfangar eller personar på havet, drap på gislar, plyndring av privat eller offentleg eigedom, vilkårleg øydelegging av byar eller landsbyar eller øydelegging som ikkje er militært på vilkår.
c) Lovbrot mot menneskja
Mord, utrydding, slaveri, deportering og andre inhumane handlingar utført mot noka sivilbefolkning, eller forfylgingar på politisk, rasemessig eller religiøst grunnlag, når slike handlingar vert utførte saman med eller i samband med eit lovbrot mot freden eller krigsbrotsverk.

Prinsipp VII endre

Medansvarleg til eit lovbrot mot freden, krigsbrotsverk eller lovbrot mot menneskja som skildra i prinsipp VI er eit brot på internasjonale lover.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre