NRK Alltid Folkemusikk

NRK Alltid Folkemusikk er NRK sin tiande radiokanal og den første til berre å sende heildigitalt. Det vil seie at for å høyre på NRK Alltid Folkemusikk treng lyttaren anten ein DAB-mottakar eller internettilknyting.

Kanalen sender berre musikk, utan programleiarar. Han kringkaster både ny og gammal norsk folkemusikk i tillegg til noko verdsmusikk. Mellom anna bruker han opptak frå folkemusikkarkivet til NRK, som inneheld over 50 000 opptak frå 1934 til notida.

Bakgrunnsstoff endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.