Nadelhorn er eit 4 327 meter høgt fjell i Wallis-Alpane i Sveits i kantonen Valais og høyrer til Mischabelgruppa, det nest høgste fjellmassivet i Sveits etter Monte-Rosagruppa.

Nadelhorn
fjell
Nadelhorn (midten) og Nadelgrat
Land  Sveits
Fjellkjede Wallis-Alpane
Høgd 4 327 moh.
Primærfaktor 206 m ↓  Lenzjoch
Sekundærfaktor 1,7 km → Dom
Koordinatar 46°06′31.5″N 7°51′51″E / 46.108750°N 7.86417°E / 46.108750; 7.86417
Lettast tilkomst nordaustegga frå Windjoch
Førstestiging Franz Andenmatten
 - dato 16. september 1858
Kart
Nadelhorn
46°06′32″N 7°51′51″E / 46.10875°N 7.8641666666667°E / 46.10875; 7.8641666666667
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Plasseringa i Sveits
Wikimedia Commons: Nadelhorn

Nadelhorn er det høgste punktet i fjellrekka Nadelgrat («nålegga»), ein høgfjellsrygg som strekker seg om lag beint nord–sør ovan om turiststaden Saas-Fee i aust, og dalen Mattertal i vest. Dei tre eggene eller ryggane samlar seg i skarp topp som liknar på ei nål (på tysk:Nadel) når ein ser fjelltoppen frå nord. Topp-punktet er så lite at berre få klatrarar kan opphalde seg der samstundes. Dei andre fjelltoppane på Nadelgrat er Stecknadelhorn og Hohberghorn.

Fjellet vart klive fyrste gongen 16. september 1858. Franz Andenmatten, Baptiste Epiney, Aloys Supersaxo og J. Zimmermann var dei fire i klatregruppa.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre