Namnet Mohammad

mannsnamn

Mohammad, det arabiske namnet مُحَمَّد som kan skrivast på ei rekke ulike måtar med latinske bokstaver bokstavar, er eit muslimsk namn som tyder 'den lovpriste'. Den mest kjende namneberaren var den muslimske profeten Mohammed.

«Muhaammed» med vanlege og samanskrivne arabiske bokstavar.

Opphav og stavemåtar endre

Namnet finst med fleire ulike transliterasjonar og uttalevariantar. I Noreg er Mohammad den mest utbreidde. Opphavet til namnet er den arabiske rota Ḥ-M-D, 'prisa', som også er knytt til fleire andre namn: Ahmad, Hamid, Humayd og Hamdan, i tillegg til eit av dei 99 namna til Gud, al-Hamid, 'signaren'.

Den latinske stavemåten Mohammad er særleg vanleg i iransk, afghansk og pakistansk tradisjon. Mohammed, Mohamed og Muhammed finn ein særleg i arabisk tradisjon. På kasakhisk er namnet Makhambet (Махамбет) og på russisk vanlegvis Magomed (Магомед), medan ein vanlegvis staver namnet til profeten Mukhammad (Мухаммад). På kinesisk skriv ein namnet 穆罕默德 med transliterasjonen Mùhǎnmòdé.

I tillegg finst variantar som Mamadu (vestafrikansk), Maxamed (somalisk) Mahommed, Mahomet og Mehmed (albansk), Mehmet (albansk, tyrkisk), Mahoma (spansk, uttalt Maoma). På latin er namnet blitt Mahometus medan det er Moameth (Μωάμεθ) på gresk.

Bruk endre

 
Den verdskjende boksaren Cassius Clay tok namnet Muhammed Ali då han konverterte til islam.

I dag er namnet truleg det vanlegaste førenamnet i verda.[1] Det er eit særs vanleg namn for muslimar, brukt både til barn og av konvertittar. Ettersom muslimsk namneskikk ofte inneber at ein bruker namnet til far eller farfar sin som etternamn, er Mohammed òg blant dei mest brukte etternamna i verda.

I Noreg har namnet vore registrert sidan 1910-åra, og har sidan auka i bruk. Sidan 1945 har ein jamnt brukt Mohammad som namn for rundt 0,15% av nyfødde, medan Mohammed har fortsett auken fram mot 2000-åra. I 2009 var det 3114 norske menn som heitte Mohammad og 1607 som heitte Mohammed. I Oslo har Mohammad vore det vanlegaste gjevne namnet til nyfødde gutar frå midten av det første tiåret i 2000-talet; med 93 gutar i 2009.[2]

I Storbritannia var namnet det andre mest vanlege gjevne til gutebarn i 2007 om ein la saman alle skrivemåtane.[3]

Kjende namneberarar endre

 
Den bangladeshiske nobelprisvinnaren Muhammad Yunus.

Kjelder endre