Namur (Nameûrvallonsk, Namennederlandsk) er ein by og kommune i Vallonia i Belgia, og hovudstad i provinsen Namur. Namur ligg der elvene Sambre og Maas renn i hop. Folkesetnaden er hovudsakleg fransktalande.

Namur
Gamlebyen i Namur med elva Sambre og St. Aubin-katedralen.
Gamlebyen i Namur med elva Sambre og St. Aubin-katedralen.
Gamlebyen i Namur med elva Sambre og St. Aubin-katedralen.
Flagget til Namur Byvåpenet til Namur
Flagget til Namur Byvåpenet til Namur
Styresmakter
Land
Region
Provins
Belgia
Vallonia
Namur
Geografi
Flatevidd 175,69 km²
Flatevidd
 - By

175,69 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

107 178
  610/km²
Koordinatar 50°28′9.84″N 4°52′8.04″E / 50.4694000°N 4.8689000°E / 50.4694000; 4.8689000
Diverse anna
Heimeside: www.ville.namur.be

Historie endre

 
Citadellet i Namur

Namur oppstod som hovudstad i eit grevskap på 900-talet. Byen starta som ein handelsstad for keltarane, men Namur vart først viktig i mellomalderen då merovingarane bygde eit slott eller citadell på knausen oppfor staden der dei to elvane renn i hop. Området kom under greven av Flandern i 1262 og under Burgund i 1420. Namur har ei strategisk plassering, og har vore omleira i fleire krigar.

Næring endre

Namur er ein viktig kommersiell og industriell by som produserer maskineri, lêrvarer, metall og porselen. Han er òg eit viktig jarnbaneknutepunkt mellom Brussel og Luxembourg by, og mellom Lille og Liège. Skipstrafikk på elva Maas passerer midt gjennom byen.

Det største turistmålet i byen er citadellet, som no er demilitarisert og open for allmenta. Byen har òg ein årleg ølfestival i påska. I Namur ligg òg katedralen St. Aubain frå midten av 1700-talet og eit klokketårn som står på UNESCO si verdsarvliste. Kjøthallen frå 1588 er gjort om til arkeologisk museum.

Namur har eit franskspråkleg universitet som blei grunnlagd i 1831.

Kjende folk frå Namur endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre