Naomi Wolf (fødd 12. november 1962) er ein amerikansk forfattar. Ho har blitt ei bokleg stjerne som ein del av den nyare feministiske rørsla. Ho er også kjend som talskvinne for progressiv politikk.

Naomi Wolf

Statsborgarskap USA
Fødd 12. november 1962 (61 år)
San Francisco
Yrke politisk skribent, aktivist, politisk rådgiver, faglitterær forfattar, journalist, kvinnesaksforkjemper, skribent
Far Leonard Wolf
Mor Deborah Goleman Wolf
Ektefelle David Shipley
Naomi Wolf på Commons
Naomi Wolf

Tidleg liv og levnad endre

Wolf vart fødd i San Francisco i California i 1962. Far hennar, Leonard Wolf, var forfattar. Ho gjekk på Lowell High School og debatterte i regionale taleturneringar som eit medlem av Lowell Forensic Society. Ho gjekk på Yale-universitetet, der ho i 1984 fekk hennar Bachelor of Arts i engelsk literatur; ho vart ein Rhodes-Scholar ved New College i Oxford ifrå 1985 til 1987.

Arbeider endre

Skjønnheitsmyten - The Beauty Myth endre

Naomi Wolf vart berømt for si første bok The Beauty Myth (1991), som vart ein internasjonal bestseljar. I denne boka kritiserar ho mote og skjønnheitsindustrien for å utnytte kvinner. Wolf argumenterte at kvinner fortener «valet til å gjere kva me vil med våre fjes og kroppar utan å bli straffa av ein ideologi som brukar haldningar, økonomisk press og sjølv lovlege dommar for å gjere kvinner sin utsjånad til å underminere oss psykologisk og politisk.» Wolf skreiv at kvinner var under angrep av «skjønnheitsmyten» på fem område: arbeid, religion, sex, vald, og hunger.

Wolf si bok fekk skryt både av feministar og meir vanleg media. Feministen Germaine Greer skreiv at The Beauty Myth var den viktigaste feministiske publiseringa sidan The Female Eunuch.[1] Den britiske forfattaren Fay Weldon kalla boka ein sterk og lidenskapeleg polemikk, essensiell lesnad for Den Nye Kvinna[2]

Slutten på America - The End of America endre

I The End of America tar Wolf eit historisk blikk på fascismen sitt kome, og set opp 10 steg som trengst for ein stat til å ta kontroll om individa sine liv:

  1. Frambringe ein fryktinngytande indre og ekstern fiende.
  2. Sette opp hemmelege fengsel der tortur skjer.
  3. Skape ein snuskete kaste eller paramilitære styrkar som ikkje er ansvarleg for borgarane.
  4. Sette opp eit overvakingssystem imot interne fiendar.
  5. Forfølgje borgarrettsgrupper.
  6. Gjere det vanleg med tilfeldige arrestasjonar og lausslepping.
  7. Forfølgje enkeltindivid som avviker ifrå staten sine ynskjer.
  8. Kontroller pressa.
  9. Behandle alle politiske dissidentar som forrædarar.
  10. Sette til sides lovverket som øvste autoritet.

Boka forklarar korleis dette mønsteret vart følgd i Nazi-Tyskland og Mussolini sitt Italia, såvel som andre stadar. Dette vert sett opp imot noverande makttilhøve i amerikansk politikk sidan 11. september åtaket.

Personalia endre

Wolf var gift med den tidlegare taleskrivaren til Clinton, David Shipley. Dei fekk to barn.[3] Dei skilde lag i 2005.

Forskjellige bøker endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre