Narbonne (katalansk Narbona, oksitansk Narbo) er ein by og kommune sør i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Aude i regionen Languedoc-Roussillon og har om lag 45 000 innbyggjarar. Byen er knytt til elva Aude og Canal du Midi via kanalen Canal de la Robine, som går gjennom byen. Byen var ein gong ei rik hamn, og ligg om lag 15 km frå Middelhavet.

Narbonne
Domkyrkja i Narbonne
Domkyrkja i Narbonne
Domkyrkja i Narbonne
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Languedoc-Roussillon
Aude
Grunnlagd 118 fvt.
Geografi
Flatevidd 172,96 km²
Flatevidd
 - By

46,51 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

46 510
  269/km²
Koordinatar 43°11′N 03°00′E / 43.183°N 3.000°E / 43.183; 3.000
Høgd over havet 172 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 11100
Heimeside: www.mairie-narbonne.fr

Historie endre

Narbonne vart oppretta i Gallia i 118 fvt. som Colonia Narbo Martius. Han låg ved den romerske vegen Via Domitia, som knytte Spania til Italia. Vidare frå Narbonne gjekk Via Aquitania til Atlanterhavet gjennom Toulouse og Bordeaux. Derfor hadde Narbonne ei svært viktig plassering.

Politisk sett var Narbonne viktig som ein konkurrent til Marseille. Julius Cæsar oppretta ein koloni her for krigsveteranar frå hans Legio X Gemina, og prøvde å opprette ei hamn i området då Marseille gjorde opprør mot romarane.

Seinare vart den romerske provinsen i Sør-Gallia kalla Gallia Narbonensis etter byen, og Narbonne vart hovudstad her. Byen blømde kraftig i denne byen og vart mykje utvida.

Han vart etterkvart hovudstad i den vestgotiske provinsen Septimania. Han var ein del av Córdoba-kalifatet fram til det vart erobra av frankarane og vart ein del av karolingiske visehertugdømet Narbonne. På 1100-talet styre Ermengarde av Narbonne (1134 til 1192) over eit kulturelt senter der tanken om riddarleg kjærleik vart utvikla.

På 1000- og 1100-talet var Narbonne heim for ein viktig jødisk tolkingsskule, som spelte ei viktig rolle i å utvikle og spreie språka zarfatisk og shudait. Jødar hadde busett seg i Narbonne sidan 400-talet og gruppa hadde auka til om lag 2000 på 1100-talet, men etter dette minka gradvis talet på jødar i byen.

Narbonne gjekk det sakte nedover med på 1300-talet av ymse årsaker. Mellom anna førte avleiringar i elva Aude til at det vart vanskelegare å kome fram i ho, og etter kvart kunne ein ikkje lenger nytte hamna i Narbonne.

Frå 1500-talet ville innbyggjarane oppretthalde Narbonne sin status som viktig handelsby, og arbeidet på å gjere Aude framkommeleg igjen tok til. Dette førte til Canal de la Robine, som vart knytt til Canal du Midi i 1787. På 1800-talet fekk kanalsystemet i Sør-Frankrike konkurranse av det stadig utvida jernbanenettverket, men haldt fram med å vere relativt viktig på grunn av handelen med vin

Bakgrunnsstoff endre