Narr var ein person som i mellomalderen var tilsett ved kongelege eller fyrstelege hoff og som hadde som oppgåve å finna på tåpelege sprell for å mora kongen og dei andre ved hoffet.

Narren Triboulet ved hoffet til Ludvig XII av Frankrike.

Historie endre

Dei eldste døma på hoffnarrar stammar frå det gamle Egypt.[1] Narreskikken var utbreidd i Europa og Asia, og er i europeisk samanheng særleg knytt til mellomalderen og renessansen. Den typiske narreutsjånaden med fleirfarga drakt og hatt eller hette med bjøller og eseløyre, hanekam eller hanehovud, stammar frå mellomalderen. Ordninga varte ved til 1700-talet, og noko lenger i Russland og Italia.[2]

Galleri endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «narr». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 
  2. «nar | lex.dk», Den Store Danske (på dansk), 15. november 2012, henta 17. november 2023 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.