Narve Bjørgo (fødd 3. mai 1936) er ein norsk mellomlalderhistorikar.

Narve Bjørgo
Fødd3. mai 1936
Meland kommune
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, historikar
InstitusjonarUniversitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet
Universitetet i Bergen
Alma materUniversitetet i Bergen

Narve Bjørgo studerte ved Universitetet i Bergen. 24. november 1972 vart han utnemnd til professor i historie ved (det då nyoppretta) Universitetet i Tromsø. Han var dekan i 1985 til 1985, og rektor ved universitet i to periodar, frå 1985 til 1989. I 1989 vart Bjørgo administrerande direktør i Norges almenvitenskapelige forskningsråd (NAVF), og han var styreleiar for NOKUT. Bjørgo var professor ved Universitetet i Bergen frå 1993 til 2006. Før han gjekk av med pensjon i 2008 fekk han eit æresdoktorat ved Universitetet i Tromsø for innsatsen sin for oppbygginga av universitetet.

Bjørgo som historikar endre

Bjørgo skreiv kapitla om tida før 1537 i verket Norsk utenrikspolitikks historie. Han var også sentral i utgjevinga av Regesta Norvegica, ei kronologisk ordna liste over alle dei skriftlege primærkjeldene til norsk mellomalderhistorie.

Artiklar endre

  • Om skriftlege kjelder for Hákonar saga Historisk tidsskrift 1967 46: 185-229
  • Samkongedøme kontra einekongedøme. Ein analyse av norsk kjeldemateriale i historiografisk perspektiv Historisk tidsskrift 1970 49: 1-33
  • Det eldste Stavanger i historisk lys, Stavanger Aftenblad, 22. november 1975.
  • Samkongedøme og einkongedøme Historisk tidsskrift 1976 55: 204-221
  • Norges første flyktningar - norsk perspektiv på Troms 1242 Historisk tidsskrift 1982 61: 68-73
  • Utenrikshandelen fra det vestafjeldske Norge 1100-1600. Opposisjonsinnlegg ved Arnved Nedkvitnes doktordisputas Historisk tidsskrift 1986 65: 74-84
  • John H. Ballantyne and Brian Smith (editors): Shetland Documents 1195-1579 Historisk tidsskrift 2002 81: 1

Bakgrunnsstoff endre