Nasafjellet (svensk Nasafjället, nordsamisk Násávárre) er eit 1211 meter høgt fjell som ligg på grensa mellom Sverige og Noreg. Det ligg nær Arjeplog kommun vest i Norrbottens län i Sverige og nær Dunderland i kommunen Rana i Nordland.[1] Det står eit merke på toppen av fjellet som syner grensa mellom dei to landa. Fjellet er best kjend for Nasa sølvgruve. Gruveområdet har fleire gamle dagbrot, nokre ruinar og ein gravplass. Det står òg nokre restaurerte gruvehus frå 1889 på fjellet.

Nasafjellet
Nasafjället, Násávárre
fjell
Land  Noreg,  Sverige
Fylke Nordland, Norrbotten
Høgd 1 211 moh.
Koordinatar 66°29′00″N 15°22′22″E / 66.48333°N 15.37278°E / 66.48333; 15.37278
Kart
Nasafjellet
66°29′00″N 15°22′22″E / 66.483333333333°N 15.372777777778°E / 66.483333333333; 15.372777777778
Wikimedia Commons: Nasafjäll

Kjelder endre

  1. «Nasafjellet» (på norsk). yr.no. Arkivert frå originalen 10. juni 2015. Henta 18. juni 2012.