Nasjonalsymbol er ulike bilete, vesen, ting og idear som nasjonar bruker til å skapa eller fasthalda ein identitet. Symbola kan vera henta frå natur, historie, religion eller mytologi knytt til nasjonen. Dei kan ha offisiell status, som nasjonalflagg eller riksvåpen, eller vera meir uoffisielt knytte til ei folkegruppe eller eit land. Nasjonalsymbol har ei rekkje bruksområde og tydingar. Dei kan symbolisera nasjonen for innbyggjarane eller i høve til andre land, dei kan inspirera til nasjonal byrgskap og patriotisme, og kan verka både inkluderande og ekskluderande. Nasjonalsymbol blir brukt ved fleire høve, frå offentlege tilstellingar og høgtidelege kunstverk til uoffisielle folkefestar og i politiske avisteikningar.

Tre nasjonalsymbol: Britiske John Bull med oksehorn, den russiske bjørnen og Columbia med det amerikanske flagget.

Bruk endre

 
Postkort frå første verdskrigen som viser nasjonalsymbol — personar og riksvåpen — frå sentralmaktene Tyskland, Osmanarriket, Bulgaria og Austerrike-Ungarn.

Offisielle nasjonalsymbol blir gjerne også brukt i offisiell samanheng og er ofte verna ved lov. Dei kan til dømes brukast ved offentlege bygningar i heim- og utland, på pass, pengar, frimerke og ved nasjonaldagar.

Mange land vil ha visse avgrensingar for korleis ein kan framstilla og visa fram nasjonalflagget og riksvåpenet. Dette kan ha praktiske grunnar, som at ein vil hindra at nokon framstiller seg som offentlege representantar utan at dei er det. Det finst også mange døme på symbolsk vern, til dømes gjennom at ein forbyr flaggbrenning fordi ein meiner symbola (og gjennom dei landet dei viser til) skal visast respekt.

Bruk av nasjonale symbol kan ha vidt ulike undertonar. Dei kan brukast til å uttrykka glede eller byrgskap ved nasjonale feiringsdagar, alt frå nasjonaldagar og frigjeringsdagar til deltaking eller siger ved idretts- og andre tevlingar. I samband med pågåande konfliktar som krig, kolonistyre eller okkupasjon kan dei brukast som ei oppfordring til ulike former for patriotisme, som samhald eller kamp. Dei kan ha ein inkluderande funksjon der folk flest blir oppfordra til å ta del i det nasjonale, men kan òg brukast til å markera avstand, både frå eit etnisk fleirtal i eit land mot eit mindretal, eller frå eit etnisk mindretal som bruker nasjonale symbol til å slost for eigen identitet, rettar eller lausriving. Nasjonalsymbol kan også brukast til undergraving, til dømes til å markera motstand mot eit anna land eller eit trekk ved sitt eige.

Ulike typar nasjonalsymbol endre

 
Flagga til ulike nasjonar utanfor SN-bygningen i New York.

Nasjonale bilete, flagg og fargar endre

For meir om dette emnet, sjå nasjonalflagg, nasjonalsong og riksvåpen.

Dei typiske nasjonalsymbola som ofte ikkje har nokon annan symbol enn å representera ein nasjonal identitet er nasjonalflagg, riksvåpen og nasjonalsongar. I moderne tid har dei aller fleste land minst nokre slike symbol, som både kan brukast i sjølve landet og i internasjonal samanheng, som ved ambassadar og konsulat og ved internasjonale institusjonar, møte og andre tilstellingar.

Nasjonalfargar er eit anna abstrakt symbol på nasjonen. Dei er ofte avleidde frå flagget, eller eit utgangspunkt for det. Slike fargar kan brukast til utsmykking, klede og fleire kulturelle nasjonale uttrykk.

Personar endre

For meir om dette emnet, sjå Personar som nasjonalsymbol.
 
Pubskilt utanfor the Royal Oak med krona bilete av kong Karl II og eiketreet han gøymde seg i under den engelske borgarkrigen.

Ei rekkje ulike personar, levande eller døde, verkelege og mytologiske, kan reknast som nasjonalsymbol og framstillast på ulike måtar. Levande symbol kan til dømes vera statsoverhovud, anten monarkar eller folkevalde, eller symbola deira, som kroner, kronjuvelar, presidentpalass og så bortetter. Andre verkelege personar kan vera nokon som har spelt ei viktig rolle i historia til eit land, til dømes ein landsfader eller ei landsmoder, ein nasjonal helgen eller ein nasjonalhelt. Personar frå langt tilbake i tid kan vera halvlegendariske slik at det kan vera vanskeleg å skilja mellom myte og røyndom. I nokre høve er dei gudar, som Amaterasu og Britannia. Andre kan vera ei idealisert lekamleggjering av nasjonen, som med franske Marianne og amerikanske Columbia/Fridomsgudinna.

Symbol knytte til geografi og natur endre

Nasjonalsymbol i form av dyr og plantar kan ha ulike utgangspunkt. Dei kan ha oppstått som våpen for fyrstehus og deretter blitt tekne i bruk av landet som heilskap, eller dei kan vera valde i nyare tid som eit passande symbol på landet. Dyr og vekstar som er typiske for landet, gjerne også med visse positive eigenskapar ein vil framheva, er vanlege val. Mange kan også ha historisk tilknyting til landet som symbol, til dømes eik og rose i England og løver og ørner ei rekkje stader.

Stader og ting kan ha ein sentral plass i kulturen til eit land, og dermed lett ta plass som nasjonalsymbol. Dei kan vera åstad for ei viktig hending, ha religiøs eller mytologisk tyding, eller vera sentralt plassert. Mange land har mektige fjell som nasjonalsymbol, frå Fuji i Japan til Dovre i Noreg. Dei kan også bruka særmerkte og imponerande byggverk som symbol, som Pyramidane i Egypt, Taj Mahal i India og Machu Picchu i Peru.

Klede og kultur endre

 
Det engelske, australske og britiske flagget brukt som klede under bryllaupet mellom prins William og Kate Middleton. Dei australske og britiske nasjonalfargane går også att i parykkane.
For meir om dette emnet, sjå nasjonaldrakt og kokarde.

Nasjonalitet og nasjonale kjensler finn ofte uttrykk gjennom utsjånad og opptreden. Ein kan oppnå ein «nasjonal» utsjånad ved å kle seg i nasjonaldrakt eller ta i bruk andre nasjonalsymbol, som flagg, nasjonalfargar eller riksvåpen som klede, kokarde, sminke, tatoveringar eller til anna utsmykking.

Visse utvalde matrettar, idrettar, dansar eller andre handlingar kan brukast til å presentera landet for utanforståande eller fungera som eit indre symbol. Nokre gonger vil dette vera tradisjonelle handlingar som også kan ha ei anna tyding enn den nasjonalistiske, men det å gjera dei til nasjonalsymbol kan føra til at ein frys fast ein viss utsjånad eller måte å gjera noko på — eller at ein vernar noko som elles ville ha forsvunne.

Språk og litteratur er andre kjelder til nasjonale symbol. Språk kan danna utgangspunkt for krav til retten til å bruka morsmålet sitt for ein minoritet, eller om at minoritetar tek i bruk nasjonalspråk. Nasjonal litteratur kan bidra til å styrka språket eller statusen det har eller til å byggja identitet. Ein kan henta fram gamle nasjonalepos, laga ein nasjonal litterær kanon, skriva nye, meir eller mindre nasjonalromantiske verk eller velja ut forfattarar til representantar, til dømes i form av ein nasjonalskald.

Religiøse nasjonalsymbol tek også utgangspunkt i kultur. Dei er utbreidde over heile verda og kan ha svært gamle røter. Eit problem med religiøse nasjonalsymbol er at dei lett kan føra til ekskludering av minoritetsreligionar og ikkje-religiøse.[1] I land der ein ønskjer å framheva samhald mellom ulike religiøse grupper, kan ein laga nasjonalsymbol som symboliser fleire av dei, som i det indiske og det irske flagget, medan land som ser sekularisme som viktig, kan laga nasjonalsymbol utan religiøs tyding, som til dømes trikolorflagg.

Kjelder endre

Fotnotar
  1. Bente Sandvig, «På storsamfunnets premisser» Arkivert 2010-05-24 ved Wayback Machine., Humanist nr 3/2007. Publisert på nett 20. mai 2010.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nasjonalsymbol