Nathanael West

amerikansk skribent

Nathanael West (fødd Nathan Wallenstein Weinstein17. oktober 190322. desember 1940) var ein amerikansk forfattar, oppvaksen i New York City.

Nathanael West
Statsborgarskap USA
Fødd 17. oktober 1903
New York by
Død

22. desember 1940 (37 år)
El Centro

Yrke skribent, romanforfattar, skodespelforfattar, manusforfattar, prosaforfatter
Ektefelle Eileen McKenney

Romanane Miss Lonelyhearts (1933; norsk Frøken hjertesukk, 1965), om ein New York-journalist som redigerer ei «Klara Klok»-spalte, og The Day of the Locust (1939; filmatisert 1975), om ein kunstnar i Hollywood, er dei mest kjende verka hans. Saman med The Dream Life of Balso Snell (1931) og A Cool Million (1934), eit satirisk åtak på amerikansk materialisme, er dette den samla produksjonen til West.

Han arbeidde òg som filmmanusforfattar i Hollywood. Sjølv om han etter han døydde er blitt rekna som ein av dei mest særprega forfattarane i mellomkrigstida, vart han ikkje lagt særleg merke til i samtida si.

Kjelder endre

«Nathanael West» av Orm Øverland i Store norske leksikon, snl.no.