National Coalition Government of the Union of Burma

National Coalition Government of the Union of Burma (NCGUB) er eksilregjeringa i Burma. Ho vart oppretta i 1990, og er ifølgje FN den lovleg valde regjeringa i Burma sjølv om ho blir nekta reell makt av det noverande regimet. Statsministeren i regjeringa er Dr. Sein Win. Ein av resolusjonane til regjeringa er at dei skal oppløysast så snart det er oppretta demokrati i Burma. I dag held medlemmane i NCGUB til i ulike delar av verda, hovudsakleg spreidd i USA, India og Thailand. Der jobbar dei for å mobilisere internasjonalt engasjement for situasjonen i Burma, som er prega av brutal undertrykking frå militærstyret.

Historie endre

I 1990 lyste militærjuntaen i Burma ut val, og meldte at dei ville respektere resultatet og troppe av til fordel for vinnaren av valet. Den einaste reelle utfordraren til juntaen sitt eige parti, var motstandspartiet National League for Democracy med Aung San Suu Kyi i spissen. Men ho var allereie sett i husarrest i 1989 for ulovleg politisk aktivitet. Likevel vann NLD valet med 82 % av stemmene og 392 av 458 sete i parlamentet. SLORC (regjeringshæren) reagerte med å straffeforfølgje partimedlemmer og valkandidatar frå NLD, mange vart arresterte og ein del døydde i løpet av fengselsopphaldet. I ein periode på sju månader forsøkte dei lovleg valde parlamentsmedlemmene å krevje at valsigeren vart respektert, utan å få svar frå regimet. I staden vart enno fleire arresterte, og mange flykta etter kvart til ein karensk-kontrollert by, Manerplaw. I desember 1990 stifta dei eksliregjeringa National Coalition Government of the Union of Burma (NCGUB).

Les meir endre