Nattsvermarugle

fugleart
Nattsvermarugle
Nattsvermarugle i Warkworth, New Zealand Foto: Mediawiki-brukar:Aviced
Nattsvermarugle i Warkworth, New Zealand
Foto: Mediawiki-brukar:Aviced
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Ninox
Art: Nattsvermarugle N. novaeseelandiae
Vitskapleg namn
Ninox novaeseelandiae

Nattsvermarugle (Ninox novaeseelandiae) er funnen over heile New Zealand, Tasmania, over det meste av fastlandet av Australia og i Timor, sørlege Ny-Guinea og nærliggjande øyar. Denne fuglearten er den minste ugla i Australia og er kontinentet sin mest utbreidde og vanlege ugleart.

Skildring endre

Nattsvermarugla er litt større enn ei perleugle, om lag 29 centimeter og 175 gram. Ho er mørkebrun med gulbrune flekker.[1]

Denne arten lever i dei fleste habitat med tre, alt frå djupe tropiske skogar til i utkanten av tørre soner, landbruksområde, alpine grassletter og tettstader, men er mest vanleg i temperert skog. Dei er vanlegvis sett einskildvis, i par eller i små familiegrupper av eit vakse par og opp til tre ungfuglar.

Hovudsakleg er dei nattaktive, nokre gonger òg aktive i grålysninga og skumringa. Den viktigaste jakttida er kveldar og morgonar, med korte innslag av aktivitet gjennom heile natta. På mørke netter kviler dei ofte nokre midnattstimar, og særleg viss vêret er dårleg, då jaktar dei i dagslys i staden.

Sjølv om den viktigaste jaktteknikken deira er å sitje stille i eit tre, lokalisere byttet og så åtake, er dei òg smidige fuglar som med ei snøgg, hønsehaukliknande flukt har evna til å manøvrere snøgt og forfølgje byttet i lufta. Nattsvermarugler tek nesten alle byttedyr i passande storleik, spesielt store insekt som møll, grashopper og på New Zealand, wetaer. Dei tek òg småfuglar og små pattedyr.

Storleiken av bestanden er ikkje kjend, han blir ikkje rekna som trua, og er stabil.[2] To underartar, på Lord Howe-øya og Norfolkøya høvesvis, er begge utrydda.[3]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  2. BirdLife International (2012) Species factsheet: Ninox novaeseelandiae. Henta frå http://www.birdlife.org den 7. oktober 2012
  3. The Action Plan for Australian Birds 2000 List of Extinct, Threatened and Near Threatened Australian birds Department of Sustainability, Environment, Water, Population and Communities. Henta 7. oktober 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nattsvermarugle