Naturvern er ei nemning på det å verna om natur, til dømes ved freding. Etter 1970-talet har omgrepet miljøvern vorte vanlegare, som tek opp i seg vern av naturmiljøet. Klassisk naturvern er ei nemning på arbeidet med å oppretta freda område, og å verna ulike objekt i naturen. Til dømes eit tre, skog, ein foss eller eit vassdrag.

Her er det ein fjellskrent som er verna som naturminne. Bruk av hammar og uttak av stein er ikkje lov.

Sjå òg endre