Nea

elv i Trøndelag og Jämtland

Nea er ei 80 km lang elv som renn vestover frå svenskegrensa gjennom Tydal og Selbu i Trøndelag fylke. Ho har utspringet sitt i Sylsjøen og renn etter 3 km ut i Nesjøen, vidare gjennom Vessingsjøen før ho møter Tya i Ås i Tydal. Deretter følgjer ho Tydalen og møter Rotla 15 km før ho renn ut i Selbusjøen. Frå utløpet av Selbusjøen vert elva kalla Nidelva.

Oppstrøms frå Drivvollvegen i Selbu

Nea er ein del av Nea-Nidelvvassdraget.

Nea er ei svært attraktiv fiskeelv. Fisk på 1,5 - 2 kg er vanleg, men ein kan oppleve å få storruggar på 5-6 kg. [1] Sommaren 2006 vart fiskefilmen Tørrfluelandet 3 (med Lars Lenth, Andreas Fismen og Bård Tufte Johansen) spelt inn i Nea og sideelva Tya.

Fotnotar endre