Nei til EU

Norsk interesseorganisasjon som arbeider mot norsk medlemskap i EU

Nei til EU er ein organisasjon mot norsk medlemskap i Den europeiske unionen (EU). Organisasjonen har medlemsorganisasjonar og medlemmer frå heile den politiske landskapen. Organisasjonen er ei vidareføring av Folkerørsla mot EEC. Nei til EU sitt arbeidsutval er sett saman av Einar Frogner som leiar, Heidi Larsen og Erlend Kvittum Nytrøen, som nestleiarar og Sofie Axelsen Osland som medlem.[1][2] Nei til EU har fylkeslag i alle fylka, i tillegg til dei mange lokallaga.

Nei til EU

Typeforening/lag/innretning
Org.nummer970012125
Skipa1990
Ideologieuroskeptisisme
Tilsette11 (Ukjent) Sjå dette på Wikidata
Nettstadhttps://neitileu.no Sjå dette på Wikidata

Historie endre

I 1988 blei Opplysningsutvalet om Noreg og EF oppretta som ein formell medlemsorganisasjon med lokal- og fylkeslag, ein fastsett struktur og årsmøte.

Framfor EU-valet i 1994 samla organisasjonen mange medlemmer og stod sentralt i grasrotopprøret mot innmelding i unionen.

Etter EU-valet i 1994 blei organisasjonen oppretthalden, av di ein såg det som mogleg at diskusjonen rundt norsk medlemskap på nytt kunne koma opp att. Hovudoppgåva til Nei til EU i ei tid der medlemskap er lagd på is, er å samle ressursar mot norsk medlemskap i unionen og den europeiske unionen generelt. Nei til EU har ved fleire høve kome med tilleggsmeldingar i samband med handsamingar i Stortinget, mellom anna eit tillegg til EØS - pluss.

Hovudmotstandaren til Nei til EU er Europarørsla, som står sentralt i kampen for norsk innmelding i EU.

Leiarar av Nei til EU endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 NTB (13. november 2022). «Einar Frogner valgt til ny leder i Nei til EU». www.abcnyheter.no (på norsk). Henta 15. november 2022. 
  2. «Om oss», Nei til EU (på engelsk), henta 21. august 2023 

Bakgrunnsstoff endre