Nektar er ei sukkerhaldig væske mange plantar skil ut, som oftast i blomane, som trekk pollinerande dyr til planten. Nektar blir skild ut i kjertlar kalla honningkjertlar eller nektarium.

Nektar i ein blome.
Nektar i Rhytidophyllum tomentosum-blomar

Fleire dyr, særleg insekt bruker plantenektar som næring. Ulike bier omdannar henne til honning. Andre insekt som sommarfuglar og møll, fuglar som kolibriar og pattedyr som flaggermus et òg nektar.

Der nektaren blir skild ut i blomen fester også pollen seg til dei vitjande dyra, som dermed kan utføra pollinering. Nektar skild ut frå andre delar av planten kan trekka til seg dyr som vernar han mot å etast. Begge typane bruk er ei form for mutualisme.

Ordsoge og annan bruk endre

«Nektar» er opphavleg ei nemning frå gresk mytologi om ein gudedrikk som saman med ambrosia gav udøydelegheit og evig ungdom.

I nyare tid har ein teke i bruk ordet «nektar» om ein del fruktsaftdrikkar.

Kjelder endre

«nektar - plantevæske» i Store norske leksikon, snl.no.


Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nektar
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.