Nellikrevolusjonen

Nellikrevolusjonen (portugisisk Revolução dos Cravos) var ein ublodig revolusjon i Portugal, leidd av ei militær gruppering i landet. Han starta 25. april 1974 i den portugisiske hovudstaden Lisboa og førte til at det autoritære diktaturet fall. Landet gjekk inn i ein toårig periode med ei halvmilitær overgangsregjering før eit demokratisk styresett vart innført.

Markering av den 25. april i Portugal

Dagen blir ofte kalla o dia vinte e cinco de Abril, '25. april-dagen', som er blitt nasjonaldag i Portugal. Det første frie valet etter diktaturet blei halde den 25. april 1975.

Bakgrunn endre

Den 28. mai 1926 tok militæret makta i eit militærkupp og gjorde Portugal til eit fascistisk diktatur. António de Oliveira Salazar vart fyrst finansminister i 1928, og etter det statsminister i 1932. Han styrte staten fram til han vart sjuk i 1968. Marcello Caetano etterfølgde han og styrte fram til Nellikrevolusjonen.

Misnøye med den ressurskrevjande portugisiske kolonikrigen og andre sider ved regimet førte til opprettinga av ei hemmeleg sosialistisk gruppe innan hæren, Movimento das Forças Armadas, som planla å styrta diktaturet.

Revolusjonen endre

Revolusjonen blei utført ved hjelp av song: «E Depois do Adeus» av Paulo de Carvalho, det portugisiske bidraget i Eurovision Song Contest 1974, spelt på den nasjonale radiostasjonen gav signal om å gjera seg klar. Deretter, klokka 12:15 den 25. april 1974, spelte radioen «Grândola, Vila Morena» av den forbodne songaren Zeca Afonso. Dette var startskotet for MFA, som tok over viktige maktsenter i landet og annonserte kuppet over radio. Fire menneske vart drepne av diktaturet før det overgav seg.

Sjølv om kuppstyrkane bad folk om å halda seg heime, strøymde tusental ut i gatene og blanda seg med dei militære kuppmakarane. Ein samlingsstad var blomemarknaden i Lisboa, der nelliksesongen var i gang. Nokre militære stappa nellikar i munningen på geværa sine. Dette blei eit vidspreidd symbol, og gav namn på revolusjonen.

Ei veke etter revolusjonen feira folket fridomen på 1. mai og i Lisboa var over 1 million menneske til stades då revolusjonsleiarane Álvaro Cunhal frå kommunistpartiet og Mário Soares frå sosialistpartiet tala.

Følgjer endre

Revolusjonen førte til storstilt frivillig kollektivisering av industri og jordbruk. Ei anna viktig følgje var at Portugal frigav koloniane sine. Alle blei frie utanom Aust-Timor, som blei okkupert av Indonesia i 1975.

  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.