Neognathae
Mandarinand Aix galericulata Foto: Adrian Pingstone
Mandarinand Aix galericulata
Foto: Adrian Pingstone
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Klasse: Fuglar Aves
Pycraft, 1900

Neognathae er fuglar av underklassen Neornithes i klassen Aves. Neognathae femnar om praktisk talt alle nolevande moderne fuglar. Nolevande artar utanfor Neognathae er dei i systertaksonet Paleognathae, det vil seie struts og strutseliknande fuglar samt dei flygedyktige tinamufuglar.

Neognathae har samansmelta handflate, metacarpal, ein forlenga tredje finger, og 13 eller færre ryggvirvlar. Dei skil seg frå Paleognathae i eigenskapar som kjevestrukturen. Neognathae tyder 'ny kjeve', men ironisk nok synast det som «dei eldre» Paleognath-kjevane er blant dei få apomorfe trekk, det vil seie «meir avanserte» i Paleognathae samanlikna med Neognathae.

Det er over 10 000 artar av Neognathae. Sidan slutten av krittida, frå dei tidlegaste fossila er kjende, har dei oppnådd eit forundrande mangfald av utforming, spesielt av nebb og føter, funksjon og åtferd som vi ser i dag. Passeriformes, sporvefuglar, er den største ordenen av landvirveldyr, han inneheld rundt 60 % av nolevande fuglar. Kladen sporvefuglar har dobbelt så mykje diversitet som gnagarar og ca. fem gonger mangfaldet av ordenen flaggermus, den største ordenen av pattedyr. Samtidig finst det særs små ordenar av fuglar, vanlegvis artar med uklåre slektstilhøve til andre, som til dømes den rare hoatzin.

Kjelder endre