Nervar er strengar som sender informasjon i nervesystemet. Dei bind saman hjernen og ryggmergen med resten av kroppen, og sender sanseinntrykk eine vegen og rørsleimpulsar den andre. «Nerve» blir også brukt om liknande strenger i blad på plantar, og om ulike typar kjensler og oppførsel i ord som «å gå nokon på nervane» eller «nervøsitet».

Nervar rundt auget (markert med gult)

Anatomi endre

 
Mikroskopbilde av nerveceller hjå ein epilepsipasient.

Nervar er bygd opp av nervefiber, ofte av fleire ulike typar. Dei kan innehalda sensoriske nervefiber som sender nerveimpulsar frå føleorgan til sentralnervesystemet, og motoriske nervefiber som leier frå sentralnervesystemet til for eksempel musklar. Ofte finn ein også fiber som høyrer til det autonome nervesystemet. Dei ulike nervefibrane er isolert frå kvarandre av schwannske celleskjeder.

 
Teikning av blad med tydelege fjørnervar.

Botanikk endre

I botanikk er nervar strengar som støttar opp blad og fører næring gjennom planten. Desse dannar tydelege linjer på overflaten til bladet. Nervane forgreinar seg etter ulike mønster som blir brukt til å skilja dei. Dei kan vera fjør-, hand-, boge- og likenerva. Fjørnerva blad, som er svært vanlege, har ein kraftig midtnerve som dannar utgangspunkt for mange mindre nervar. På likenerva blad, som gras, går nervane parallelt. Eit dømes på handnerva blad er lønn, medan konvall har bogemønster.

 
«Control your nerves on curves». Vegskilt i India.

Ordsoge endre

Ordet «nerve» kjem gjennom latinsk nervus frå gresk neuron som tyder 'sene'. Ein bruker omgrep knytte til nerve i fleire uttrykk som har med kjensler og oppførsel å gjera, som å «ha nervar» framfor ein prestasjon. I overført tyding kan ein snakka om «nerve» som ei slags sterk kjensle eller kjerne i noko, eller om «livsnerve» som ei indre, berande kraft. Ein kan seia at «det går meg på nervane» om noko som er særs plagsamt eller «enerverande» om noko sterkt irriterande.

Ein har også forklart fleire psykiske lidingar med «nervane». «Nervesamanbrot» kan visa til sterke, psykoseaktige reaksjonar som fortviling, forvirring, redsle eller gråt. «Nevrose» viser til ulike psykiske lidingar der pasienten blir hemma i dagleglivet utan å mista skiljet mellom fantasi og røyndom (til forskjell frå psykose). Å vera «nervøs» kan visa til det å vera overfølsam eller uroleg, og kan vera knytt til stress eller angstlidingar. Ein finn også att det latinske ordet nervosus ('nervøs') i diagnosane anorexia nervosa og bulimia nervosa.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Nerve