Nesøya-ulukka var ei flyulukke i nærleiken av eit bustadområde på Nesøya i Asker kommune 14. april 1963 klokka 13:18. Flyet hadde åtte passasjerar og eit mannskap på fire. Alle 12 omkom.[1] Ingen på bakken vart skadd.

Ein Viscount av same type

Flyet var eit Vickers Viscount 759D-fly frå Icelandair, Flugfélag Íslands, TF-ISU, «Hrimfaxi». Det var på veg frå Kastrup i rute til Reykjavík via Oslo og Bergen, og var under innflyging til Oslo lufthamn, Fornebu, då ulukka skjedde.

Årsaka til havariet endre

Havarikommisjonen var ikkje i stand til å kunne stadfesta kva som var årsaka til ulukka. Ein gjekk ut frå at kapteinen mista kontrollen over flyet i så låg høgd under innflyginga til Fornebu at det ikkje lét seg gjera å korrigera høgda. Kommisjonen meinte at det kunne ha danna seg is på stabilisatorrora, eller at propellane hadde vorte stilt inn på lågaste stigingsvinkel.[2] Av dei to hypotesane meinte kommisjonen at den siste hypotesen var svakt meir sannsynleg enn den første.

Kjelder endre

Referansar
  1. «Tolv omkom da islandsk fly styret på Nesøya». Aftenposten morgen. 104. årgang: 1 og 8. 16. april 1963. 
  2. «Isdannelse eller "flatstilling" årsak til flyhavariet på Nesøya». Aftenposten morgen. 105. årgang: 9. 26. juni 1964.