Nes og Hidra kommune

tidlegare kommune (formansskapsdistrikt) i Vest-Agder fylke i Noreg

Nes og Hidra kommune (Hitterø og Næs formanskabsdistrikt) var ein kommune i Vest-Agder fylke (då Lister og Mandal Amt), oppretta i 1837 og avvikla i 1893.[1]

Nes og Hidra kommune
stad
Land  Noreg
Kart
Nes og Hidra kommune
58°13′28″N 6°34′43″E / 58.22444444°N 6.57861111°E / 58.22444444; 6.57861111
Utsyn nordover frå Andabeløy

Området utgjer no ytre delane av dagens Flekkefjord kommune, det vil seie kyrkjesokna Hidra og Flekkefjord (då Nes sokn), unnateke Flekkefjord by, som var eige formannskapsdistrikt. Kyrkjesoknet Nes hadde namn etter garden Nes, som har vore kyrkjestad for området sidan mellomalderen. Det var på Nes ladestaden, kjøpstaden og byen Flekkefjord etter kvart voks fram, og då formannskapsdistrikta vart oppretta i 1837 hamna området som før var garden Nes og Nes kyrkje (sidan Flekkefjord kyrkje) i Flekkefjord formannskapsdistrikt, medan resten av Nes sokn vart lagt til Nes og Hidra formannskapsdistrikt.[2]

Kommunesoge endre

Kommunen vart oppretta ved innføringa av formannskapslovene i 1837.[1] Fyrste formannskapsmøtet vart halde 8. januar 1838 på garden Sunde i Nes.[3] 8. oktober 1893 vart kommunen nedlagt og området delt i to delar; Nes kommune og Hidra kommune. Ved delinga budde det 2075 personar i Hidra og 1704 i Nes.[1]

Referansar endre

  1. 1,0 1,1 1,2 Dag Juvkam. ««Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen» s. 38» (PDF). Statistisk sentralbyrå, 1999. 
  2. Oluf Rygh (1912). «Nes herred». Norske Gaardnavne : Oplysninger samlede til Brug ved Matrikelens Revision. 9 : Lister og Mandal Amt. Kristiania: Fabritius. s. 313. 
  3. «Det kommunale selvstyre fyller 175 år». Nettstaden til Interkommunalt Arkiv i Vest-Agder IKS. 12. januar 2012. Henta 14. oktober 2013. 

Bakgrunnsstoff endre

58°16′41″N 06°35′41″E / 58.27806°N 6.59472°E / 58.27806; 6.59472