Nesseby kyrkje er ei langkyrkje frå 1858 i Nesseby kommune i Finnmark. Byggverket er i tre og er bygd med 250 plassar.[1] Arkitekt for kyrkja var Christian Heinrich Grosch.

Nesseby kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Finnmark
Kommune Nesseby
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Indre Finnmark
Sokn Nesseby
Fellesråd Nesseby
Type Langkyrkje
Arkitekt Christian Heinrich Grosch
Material Tre
Innvigd 1858
Kyrkjegard Ved kyrkja
Sitjeplassar 250
Kart
Nesseby kyrkje
70°08′42″N 28°51′38″E / 70.1449°N 28.8606°E / 70.1449; 28.8606
Wikimedia Commons: Nesseby kirke
Nesseby kyrkje ligg på eit nes i indre del av Varangerfjorden.
Foto: Henri Bergius

Dette er den andre kyrkja på staden, den fyrste var gamle Kiberg kyrkje som blei flytta til Nesseby i 1746. Denne kyrkja blei rive da noverande kyrkje vart reist.

Kyrkja blei ståande uskada under nedbrenninga av Finnmark og Nord-Troms under andre verdskrigen.

Delar av inventaret er gåver til kyrkja gjevne på 1600-1700 talet og noko er frå andre kyrkjer. Altartavla er i barokk og frå gamle Kiberg kyrkje. I midtpartiet er det måla ei framstilling av nattverden og ho er omkransa av to store utskorne figurar. Altartavla er frå rundt 1720 og laga av bilethoggaren Georg Christoffer Schauer.[2]

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre