Nestor Makhno (fødd 1888 eller 1889, død 6. juli 1934) var ein ukrainsk anarkistisk krigshøvding. Frå 1918 under den russiske borgar- og intervensjonskrigen var Makhno leiar for ein bondearmé som stridde mot både dei tyske-, austerrikske og dei kvite kontrarevolusjonære styrkane i Ukraina.

Nestor Makhno

Statsborgarskap Den ukrainske folkerepublikk, Det russiske imperiet
Fødd 7. november 1888
Huljajpole
Død

25. juli 1934 (45 år)
Paris

Yrke revolusjonær, skribent, kunstmålar, militær, anarkist, bonde, politikar
Språk russisk
Politisk parti ingen verdi
Religion ateisme
Ektefelle Halyna Kuzmenko
Nestor Makhno på Commons

Makhno sin gerilja-styrke bestod av 50 000 mann til hest som ofte greidde å overrumple og overliste fienden. Trumfkortet var tatsjankaen, det lette hestespannet med maskingevær attpå. Samtidig greidde han å opprette ein suverén anarkistisk rådsrepublikk blant bøndene i dette vidstrekte området; heile det austlege Ukraina. Til hjelp i dette arbeidet hadde han blant andre den russiske anarkisten Voline (1885–1945) som òg kom til å bli historieskrivaren til rørsla.

Makhno sin anarkist-armé hadde i byrjinga støtte av bolsjevikane i kampen mot den felles fienden, den kvite arméen. Men da dei kvite var slegne tilbake, kom bolsjevikane og Makhno ikkje overeins lenger, og Makhno fekk den kommunistiske Raude Arméen mot seg.

Makhno flydde i 1921 til Romania og døydde seinare i eksil i Paris. Makhno vart god venn med den spanske anarkisten Buenaventura Durruti da denne var i Paris, og Durruti fekk eit djupt inntrykk av den militære dugleiken hans, noko han fekk nytte av i den spanske borgarkrigen, som starta i 1936.

Sitat endre

Berre ved å avskaffe alle regjeringar, alle autoritetar, gjennom å radikalt bryte ned alt falskt - politisk, økonomisk og statleg, gjennom å fjerne Staten ved sosial revolusjon, kan eit ekte system av arbeidar- og bonderåd sikkert oppnåast og utviklast mot sosialisme. (Makhno)

Kjelder endre

Litteratur endre

  • Voline. (1954). Nineteen-seventeen: the Russian Revolution betrayed. Ed. Rudolf Rocker. Holley Cantine. London: Freedom Press.
  • Voline. (1974). The Unknown Revolution. Ed. Rudolf Rocker. New York: Free Life Editions.