Nettavis

ei avis på nettet, anten eit sjølvstendig produkt eller ei nettutgåve av ei trykt avis

Nettavis, nettmagasin og nett-tidsskrift er nemninga for aviser og tidsskrift som vert publiserte ved hjelp av Internett i staden for å prentast på papir.

Nettaviser eller nettmagasin vert anten utgjeve som sjølvstendige publikasjonar med eigen redaksjon som sjølv syter for tilfanget av stoff, eller som meir eller mindre uendra utgåver av aviser eller tidsskrift prenta på papir. Den same verksemda gjev ofte ut både papirutgåve og nettutgåve under same namnet. Nettutgåvene har ein stor føremon i høve til papriutgåvene i at produksjons- og distribusjonskostnadene vert mykje lågare. Nettaviser har dessutan ein stor føremon i høve til papiraviser ved å kunne oppdaterast snøgt når viktige nyhende gjer dette ynskjeleg eller naudsynt.

Dei fleste nettavisene har opphav i ei allereie etablert papiravis, og vart eller vert framleis gjeve ut som eit supplement til papiravisa. Men det finst òg døme på at nettaviser har gjeve opphav til aviser prenta på papir ved at papirutgåva byggjer meir eller mindre uendra på nettutgåva og kjem i tillegg til ho. Det same gjeld for tidsskrift.

Både nettaviser og nett-tidsskrift kan take seg betalt ved å gjere det naudsynt for lesaren å registrere seg for å kunne få tilgang til nettsida ved hjelp av brukarnamn og passord for å lese dei. Det same gjeld for bibliotek som skal gjeve brukarane sine tilgang til slike tidsskrift eller aviser. For til dømes biblioteka ved universitet og høgskular har kostnadene ved å abonnere på internasjonale vitskaplege nett-tidsskrift vorte høge.

Sjå òg endre