Neufchâteau
Byvåpenet til Neufchâteau
Byvåpenet til Neufchâteau
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Lorraine
Vosges
Geografi
Flatevidd 23,81 km²
Flatevidd
 - By

23,81 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

7 533
  316/km²
Koordinatar 48°21′N 05°42′E / 48.350°N 5.700°E / 48.350; 5.700
Høgd over havet 289 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 88300
Heimeside: www.ville-epinal.fr

Neufchâteau er ein by og kommune nordaust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Vosges i regionen Lorraine, og har om lag 7 500 innbyggjarar.

Neufchâteau ligg der elvane Maas og Mouzon renn i hop.

Historie endre

Neufchâteau er ein av dei eldste byane Lorraine. I romartida låg kjøpstaden Noviomagus her langs vegen mellom Lyon og Trier. Dietrich II, hertug av Lorraine bygde eit slott her på 1000-talet. I 1094 var byen kalla Novum Castrum.

Neufchâteau vart ofte vald som møtestad når ein skulle løyse konfliktar mellom Frankrike og Lorraine. Det var her hertuginne Christine samla États généraux i 1546. I 1436 vart byen gjeve bort til Burgund i byte mot at hertug René I av Anjou skulle sleppast fri. Kardinal Richelieu reiv ned bymurane på 1600-talet.

Med den franske revolusjonen vart Neufchâteau (under namnet Mouzon-Meuse) underprefektur i Vosges.