Nevėžis er den sjette lengste elva i Litauen med ei lengd på 209 km. Målt innanfor grensene til Litauen er ho derimot den nest lengste elva etter Šventoji, som berre renn innanfor landegrensene. Ho spring ut frå Anykščiai kommune, og renn først nordvestover, men så ved Panevėžys snur ho sørvestover og passerer Kėdainiai før ho munnar ut i Nemunas like vest for Kaunas nær Raudondvaris.

Nevėžis
elv
Nevėžis i Kėdainiai kommune
Land  Litauen
Nedslagsfelt 6 140 km²
Lengd 209 km
Middelvassføring 33,2 /s
Munning Nemunas nær Seredžius
Kart
Nevėžis
55°03′15″N 22°12′01″E / 55.0542°N 22.2003°E / 55.0542; 22.2003
Wikimedia Commons: Nevėžis

Namn endre

Det er ei vanleg mistyding at namnet Nevėžis tyder «elva utan kreps», fordi vėžys er det litauiske ordet for «kreps» og ne tyder «nei». Faktisk er Nevėžis kjend for det varierte dyrelivet, som inkluderer kreps. Namnet kjemn frå sanskritordet vaagh som tyder «grøft». Nektinga ne- vart lagt til fordi elva renn svært sakte og er utan turbulens. Dette kjem av at ho er den slakaste elva i Litauen med mange svingar.

Elva har mellom anna gjeve namn til Panevėžys, den femte største byen i Litauen. Nevėžis er viktig i litauisk kultur fordi ho renn midt i landet. I mellomalderen vart ho rekna som ei naturleg grense mellom dei to regionane Samogitia og Aukštaitija.

Geografi endre

 
Elva i Kėdainiai
 
Nedslagsfelt av elva

Nevėžis har om lag 70 sideelvar. Dei største er:

  • frå venstre: Alantas, Juoda, Upytė, Linkava, Obelis, Barupė, Gynia;
  • frå høgre: Juosta, Kiršinas, Liaudė, Kruostas, Dotnuvėlė, Smilga, Šušvė (14. lengste elv i Litauen), Aluona, Strūna.

I 1992 vart Krekenava regionpark oppretta for å bevare økosystemet og naturen rundt elva. Parken er unik fordi den utryddingstrua visenten, den europeiske bisonen, formeirer seg her.

Sjølv med to kanalar som gjev vatn til Nevėžis får ho svært låg vassføring om sommaren. Vanlegvis er ho mellom 4 og 9 meter djup.

Kanalar endre

Nevėžis er forbunde til to andre store elvar via kanalar. For å redusere flaumfaren i Lėvuo vart Sanžilėkanalen grave ut i 1930. Dei første planane om ei kanal mellom desse elvane vart først lagt fram i 1797. På 1800-talet høyrde Nemunasdeltaet til tyskarane. Dette var ei hindring for handel. Det russiske keisardømet prøvde å gå rundt deltaet ved å byggje kanalar slik at båtane deira kunne gå direkte til Riga. Planen vart derimot skrinlagd på grunn av dårleg økonomi. Ideen vart lagt fram igjen i 1914, men planane vart denne gong utsett på grunn av den første verdskrigen. Sidan Lėvuo ofte skapte flaum i periodar med mykje nedbør vart det vald å byggje ein 8 km lang kanal. I 1961-63 vart ein annan kanal mellom Nevėžis og Šventoji bygd. Han er 12 km lang.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre