Neve Ativ (hebraisk נְוֵה אַטִי"ב er ein liten alpeliknande israelsk busetjing (moshav) i Golanhøgdene, som vart grunnlagd i 1972 i fjellsida av Hermon, 2 km vest for Majdal Shams.[1] Det internasjonale samfunnet reknar israelske busetjingar i Golanhøgdene som ulovlege etter folkeretten, men dei israelske styresmaktene motset seg dette.[2]

Neve Ativ
נְוֵה אַטִי"ב
moshav
Region Golanhøgdene
Distrikt Nord distrikt
Kommune Golan
Koordinatar 33°15′42″N 35°44′28″E / 33.26167°N 35.74111°E / 33.26167; 35.74111
Folketal 173  (2005)
Grunnlagd 1972
Kart
Neve Ativ
33°15′42″N 35°44′28″E / 33.261666666667°N 35.741111111111°E / 33.261666666667; 35.741111111111
Wikimedia Commons: Neve Ativ

Det bur kring 37 familiar i Neve Ativ. Ativ er eit akronym for fire soldatar som mista livet i Golan: Avraham Hameiri, Tuvia Ellinger, Yair Elegarnty og Binyamin Hadad. Neve tyder oase.

Hovudnæringa i moshaven er turisme. Neve Ativ driv Hermon skisenter med 25 km skiløyper i Hermon.[3][4]

Skisenteret vart øydelagd under Jom kippúr-krigen, men var attende i drift året etter.[5] Frank Riley skreiv i Los Angeles Times «Dette er eit fjell og ei oppleving kvar skientusiast bør oppleve minst ein gong i livet.»[6] Skiesesongen varer minst tre månader, vanlegvis frå desember til mars.[7] Ei helg i januar 2000 hadde skisenteret 11 000 vitjande.[8] Seinare den månaden ønskte leiarane i Neve Ativ å gjere skisenteret til eit felles israelsk-syrisk føretak, og la syrarar få lov til å kome til senteret.[9]

Kjelder endre