Neverdal

bygd i Meløy kommune, Nordland fylke

Neverdal er ei bygd i Meløy kommune i Nordland fylke. Staden ligg ved fylkesveg 17 om lag 7 km søraust for kommunesenteret Ørnes og 10 km vest for industristaden Glomfjord. Talet på innbyggjarar i Neverdal saman med folketalet i området langs fylkesvegen nordvest til Sandåg og Eidbukta er 542 innbyggjarar per 1. januar 2023.[1]

Neverdal
stad
Land  Noreg
Fylke Nordland
Kommune Meløy
Postnummer 8163 NEVERDAL
Kart
Neverdal
66°50′03″N 13°46′26″E / 66.834063408333°N 13.773956141667°E / 66.834063408333; 13.773956141667

Bygda har det største korpset i kommunen, eige idrettslag, båtforeining og velforeining.

Geografi endre

Neverdalen er eit dalføre på ca. 5 kilometer frå Nedre Rismålsvatnet til utløpet av Neverdalselva i Nordre Neverdalsbukta. Halvvegs inn i dalen ligg Neverdalsvatnet. Dalen er omgjeve av bratte fjellsider med toppar på over 800 moh. Inst ligg Istinden på 1194 moh. Berre den nedste kilometeren av dalen er busett, og mange bustader ligg på det ein kilometer lange Neverdalsneset som stikk ut i Sandågvika, ei bukt i Glomfjorden.[2]

Næringsliv endre

Neverdal har ein daglegvarebutikk, Svengen kafé og pub, barnehage og ei privat skole med alle 10 klassetrinn, og dessutan ei båtforeining med 66 båtplassar. Krambua er ein utsalsstad for husflidsartiklar.

Skolen endre

Neverdal skole, som var den kommunale skolen til bygda, vart nedlagt etter vinterferien i 2019. Elevane vart då flytta til nye Spildra skole i Ørnes, som stod ferdig i mars 2019. Privatskulen Neverdal Einspire skole vart starta som ein reaksjon på at den offentlege skolen i Neverdal skulle leggjast ned, og har vore i drift sidan skolestart august 2018.

Organisasjonsliv endre

Lag og foreiningar i bygda driftar ei eiga nettside for å profilere bygda og som ei infotavle til innbyggjarane.

Neverdalsturneringa i fotball blir arrangert kvart år i første helga i mai på kunstgrasbanen som idrettslaget disponerer. Normalt er det påmeldt 50-55 lag med spelarar i aldersgruppa frå 6 år til 14 år, og turneringa varer frå fredag ettermiddag til søndag kveld. Denne turneringa er idrettslaget si hovudinntektskjelde, og finansierer andre aktivitetar som idrettslaget arrangerer.

Pinsemenigheten Sion Neverdals kyrkje ligg midt i bygda. Kyrkjelyden driv kyrkjelydsarbeid i Meløy, Rødøy og Gildeskål kommunar.

Historie endre

Neverdal har bunkeranlegg frå krigens dagar og dessutan kanonstillingar på Neverdalsneset. Det var ein fangeleir her under krigen og der døydde 33 fangar av russisk og ukrainsk opphav. Leiren husa ca. 120 fangar på det meste. Elevane på no nedlagde Neverdal skole skreiv boka Nært på Neverdal i krigsåra 40-45. Elevane skreiv også boka Stedsnavn på Neverdal.

Kjelder endre

  1. «Kart fra Statistisk sentralbyrå - Søk på 'Tettsted: Eidbukta'». Statistisk sentralbyrå. Henta 10. mai 2024. 
  2. «Søk i Norgeskart». Kartverket. Henta 10. mai 2024.