New River i England

New River er ein kanal som vart opna i 1613 for å forsyne London med drikkevatn, og stadig utgjer ein del av drikkevassforsyninga i London. Ho byrjar i elva Lee i Hertfordshire og gjekk opphavleg til New River Head i bydelen Islington – men endar i dag i Stoke Newington nord for byen.

New Gauge House (1856) der vatnet forlet Lea ved byrjinga av New River
New River i Clissold Park i Stoke Newington

Fram til 1600 fekk London drikkevatnet sitt dels frå Themsen, dels frå småelvar som Fleet og frå brønnar og kjelder. Noko leidningsnett fanst knapt, og vatnet vart distribuert i byen av seljarar som bar vatnet omkring i trebøtter. Og etter som byen voks, vart vasskjeldene meir og meir forureina.

I 1600 kom Edmund Colthurst med ideen å bringe vatn frå Hertfordshire og Middlesex til London. Planen fekk kongeleg godkjenning i 1604, og Colthurst starta på eigen kostnad arbeidet med å grave ein kanal frå Chadwell Spring. I 1609 vart leiinga av arbeidet overlate Hugh Myddelton, gullsmed og eventyrar, som tilsette matematikaren Edward Wright til nivellerings- og stikkingsarbeida, med Colthurst som inspektør. I 1611 innsåg Myddelton at det ikkje var avsett pengar nok til å fullføre prosjektet. Ho fekk då kong James I til å skyte til halvparten av kostnadene, mot at New River vart lagt over eigedomen hans Theobalds.

New River vart lagt langs 100-fotkoten gjennom Lee Valley og vidare fram til London med eit fall på berre 5,8 m over den 62 km lange strekninga. 200 arbeidarar var i sving med sjølve gravearbeida, og i tillegg trongst tømrarar o.a. handverkarar til tettingsarbeid og bygging av bruer. Inne i byen vart vatnet distribuert via roer av holte almestokkar. Total kostnad for prosjektet var 18 500 £. Dette imponerande stykket ingeniørkunst vart ferdigstilt i 1613, og opningsseremonien fann stad ved New River Head i Islington.

New River utgjer den dagen i dag ein vesentleg del av vassforsyninga i London med eit dagleg bidrag på 220 000 m³ – om lag 8 % av det totale forbruket. I løpet av åra er det gjort fleire ombyggingar og utvidingar av New River for å møte eit aukande behov. Dei opphavlege kjeldene Chadwell og Amwell Springs gav ikkje meir enn 10 000 m³ per dag, og i 1738 vart det gjeve løyve til å ta ut 102 000 m³ dagleg av elva Lee. Midt på 1800-talet vart kapasiteten fordobla ved at det vart installert pumpar til å ta ut vatn frå djupe brønnar langs kanalen.

Òg løpet er vorte endra; mange slynger er vorte retta ut, og nokre stader går New River no i røyrleidning eller i tunnel. Kanalen ender i dag i Stoke Newington, og total lengd er 38 km. New River har i dag ei gjennomsnittleg djupn på 2,5 m og ei breidd på 6 m. I løpet av 1990-talet har ein forbetra funksjonaliteten til New River med djupe borehol der ein kan føre vatn ned i bergartslaga i overskotsperioder for mellomlagring.

I 1904 vart drifta av New River overteke av Metropolitan Water Board, og i 1973 av Thames Water. I seinare år har Thames Water anlagt ei fotrute langs kanalen – New River Path.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre