New Sensations
Studioalbum av Lou Reed
Språk engelsk
Utgjeve April 1984
Studio Skyline Studios i New York City
Sjanger
Lengd 42:24
Selskap RCA
Produsent
Lou Reed-kronologi 
Live in Italy
(1984)
New Sensations City Lights
(1985)


Singlar frå New Sensations
  1. «I Love You, Suzanne»
    Utgjeve: 1984
  2. «My Red Joystick»
    Utgjeve: 1984
  3. «High in the City [berre i Nederland]»
    Utgjeve: 1984

New Sensations er det trettande studioalbumet til den amerikanske musikaren Lou Reed, gjeve ut i april 1984 på RCA Records. John Jansen og Reed produserte albumet. New Sensations nådde 56. plassen på den amerikanske Billboard 200 og 92. plassen på UK Albums Chart. Dette er første gongen Reed gjekk inn den amerikanske topp 100-lista i USA sidan Street Hassle i 1978, og første gongen Reed gjekk inn på den britiske albumlista sidan Coney Island Baby i 1976. Det vart gjeve ut tre singlar frå albumet: «I Love You, Suzanne», «My Red Joystick» og «High in the City», der «I Love You, Suzanne» var den einaste singelen som gjekk inn på lista. Han nådde 78. plassen på UK Singles Chart. Songen vart derimot spelt noko på MTV.

Bidraga til Robert Quine endre

Gitaristen Robert Quine, som hadde spelt på dei to førre albuma til Reed, The Blue Mask og Legendary Hearts, hadde krangla med Reed under innspelinga, så Reed valde å spele det meste av gitaren sjølv, med unntak av «My Red Joystick» og «My Friend George», der Fernando Saunders spelte rytmegitar. Fleire år etter albumet kom ut, hevda Fernando Saunders at eit av problem under innspelinga var at Robert Quine hadde personleg komponert «gitarriffet» på «I Love You, Suzanne» i studioet, medan bandet øvde. Då Reed høyrde riffet til Quine, skreiv han tekst til songen, men førte ikkje opp Quine som låtskrivar på songen på albumet. Quine fekk derfor ikkje låtskrivarhonorar for songen, og forholdet deira vart forverra. .[1] Trass i problema deira, vart Quine seinare med Reed på verdsturneen etter albumet.

Mottaking endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic     [2]
The Boston Phoenix    [3]
Chicago Tribune    [4]
Pitchfork5.8/10[5]
Record Collector     [6]
Record Mirror     [7]
Rolling Stone     [8]
The Rolling Stone Album Guide     [9]
Spin Alternative Record Guide8/10[10]
The Village VoiceA[11]

New Sensations kom ut fekk det positive meldingar av musikkritikarane. Musikkjournalisten Robert Christgau skreiv i The Village Voice at «i staden for å anstrenga seg fruktlaust, for å toppa seg sjølv, har Reed sett seg inn i eit mønster som er like tilfredsstillande som det han hadde å gjera med Velvets, sjølv om det per definisjon ikkje er like epokepregande. Musikken er enkel og uunngåeleg, og sjølv dei sarkastiske songane er gode sarkastiske songar».[11] I Rolling Stone kalla Kurt Loder det «ei forlenga glede som er desto meir spennande sidan det er heilt uventa.»[8]

Robert Palmer i The New York Times roste New Sensations, saman med dei førre studioalbum til Reed, The Blue Mask og Legendary Hearts, som «uniformt fantastiske, rangert med det aller beste av hans tidlegare soloverk.»[12]

Ira Robbins frå Trouser Press adresserte avgjerda til Reed om å spele all gitaren sjølv, og skildra resultatet som «alt anna enn sjølvoverberande. Å forsaka to-gitarlyden kastar berre den karakteristiske bandlause bassen til Saunders og det nakne arrangementet til Reed i eit tydlegare bilete, og dei fortener merksemd – det same gjer songane, som bevisar at ein middelaldrande rockelåtskrivar kan ha mykje å tilby.»[13]

New Sensations vart seinare plassert på niandeplassen The Village Voice si årlege Pazz & Jop-kritikarundersøking.[14]

I ei seinare melding for AllMusic, skreiv kritikar Mark Deming om albumet, «New Sensations viste at Reed hadde mykje meir varme og menneskelegheit enn han vart gitt æra for, og gjorde det klart at han kunne 'skrive glad musikk' når han følte for det, med den same verknaden som hans 'seriøse' materiale.»[2]

Innhald endre

Alle songar er skrivne av Lou Reed.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«I Love You, Suzanne»3:19
2.«Endlessly Jealous»3:57
3.«My Red Joystick»3:36
4.«Turn to Me»4:22
5.«New Sensations»5:42
Side to
Nr.TittelLengd
6.«Doin' the Things That We Want To»3:55
7.«What Becomes a Legend Most»3:37
8.«Fly into the Sun»3:04
9.«My Friend George»3:51
10.«High in the City»3:27
11.«Down at the Arcade»3:40
Total lengd:42:24

Medverkande endre

Henta frå plateomslaget til New Sensations.[15]

Produksjon

Salslister endre

Liste (1984) Plassering
Australia (Kent Music Report)[16] 56
US Billboard 200[17] 56
UK Albums Chart[18] 92
Nederland 43

Kjelder endre

  1. Sounes, Howard (22. oktober 2015). Notes from the Velvet Underground: The Life of Lou Reed. ISBN 9781473508958. 
  2. 2,0 2,1 Deming, Mark. «New Sensations – Lou Reed». AllMusic. Henta 28. mars 2022. 
  3. Moses, Mark (17. juli 1984). «Off the record». The Boston Phoenix 13 (29). sec. 3, p. 29. Henta 25. februar 2022. 
  4. Kot, Greg (12. januar 1992). «Lou Reed's Recordings: 25 Years Of Path-Breaking Music». Chicago Tribune. Henta 8. april 2022. 
  5. Harvell, Jess (15. januar 2010). «Lou Reed: Legendary Hearts / New Sensations». Pitchfork. Henta 28. mars 2022. 
  6. «Lou Reed: New Sensations». Record Collector (London): 91. «Playful... It boasts a closing 'Down in the Arcade' that sounds like Lou's having the most fun he ever allowed himself...» 
  7. Gray, Steven (7. juli 1984). «Lou Reed: New Sensations». Record Mirror (London): 18. 
  8. 8,0 8,1 Loder, Kurt (7. juni 1984). «New Sensations». Rolling Stone (New York). Arkivert frå originalen 1. august 2018. Henta 8. april 2022. 
  9. Hull, Tom (2004). «Lou Reed». I Brackett, Nathan; Hoard, Christian. The New Rolling Stone Album Guide (4th utg.). Simon & Schuster. s. 684–85. ISBN 0-7432-0169-8. 
  10. Strauss, Neil (1995). «Lou Reed». I Weisbard, Eric; Marks, Craig. Spin Alternative Record Guide. Vintage Books. s. 325–27. ISBN 0-679-75574-8. 
  11. 11,0 11,1 Christgau, Robert (24. juli 1984). «Christgau's Consumer Guide». The Village Voice (New York). Henta 28. mars 2022. 
  12. Palmer, Robert (17. oktober 1984). «The Pop Life». The New York Times. Henta 7. april 2022. 
  13. Fleischmann, Mark; Robbins, Ira. «Lou Reed». Trouser Press. Henta 7. april 2022. 
  14. «The 1984 Pazz & Jop Critics Poll». The Village Voice (New York). 18. februar 1985. Henta 7. april 2022. 
  15. New Sensations (CD booklet). Lou Reed. RCA Records. 1984. 
  16. Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992 (illustrated utg.). St Ives, N.S.W.: Australian Chart Book. s. 249. ISBN 0-646-11917-6. 
  17. «Lou Reed > Charts & Awards > Billboard Albums». AllMusic. All Media Network. Henta 2. september 2010. 
  18. «Lou Reed». Official Charts Company. Henta 2. september 2010. 

Bakgrunnsstoff endre