New York State of Mind

New York State of Mind
Song av Billy Joel
frå albumet Turnstiles
Utgjeve 1976
Innspelt Ultra Sonic Studio i Hempstead i NY
Sjanger Softrock, pop
Lengd 5:58
Selskap Columbia
Komponist Billy Joel
Tekstforfattar Billy Joel
Låtskrivar(ar) Billy Joel
Produsent Billy Joel

«New York State of Mind» er ein song skriven av Billy Joel for albumet Turnstiles i 1976. Sjølv om han aldri vart ein hit og heller ikkje gjeven ut som singel, er han ein av dei mest populære songane til Joel.[1] Joel spelte mellom anna songen på The Concert for New York City i oktober 2001 etter 11. september-hendinga. Hn gjorde det same på 12-12-12: The Concert for Sandy Relief ved Madison Square Garden i New York City den 12. desember 2012.

I 2004 annonserte Billy Joel at han hadde skrive to barnebøker for Scholastic. Den første boka heitte Goodnight, My Angel (A Lullabye) og den andre New York State of Mind med illustrasjonar av Izak.

Inspirasjon endre

Joel skreiv songen etter å ha flytta attende til Austkysten frå Los Angeles, der han hadde budd i tre år. Fleire av songane på Turnstiles handlar nettopp om å flytte til andre delar av landet, som «Say Goodbye to Hollywood», «I've Loved These Days», «Summer, Highland Falls» og «Miami 2017 (Seen the Lights Go Out on Broadway)».

Inspirasjonen til songen kom over kjensla han hadde då han kom heim til New York. Joel sat på ein buss over Hudson River då ideen om songen kom til han, og songen vart skriven så snart Joel var heime.[2]

Forskjellige saksofonsoloar endre

Det finst to studioversjonar av songen. På den originale versjonen spelar Richie Cannata saksofon og det er denne som er med på Turnstiles. Saksofonen til Cannata vart erstatta av saksofonen til Phil Woods for samlealbumet Greatest Hits Volume I & II. Denne nye versjonen finst på CD-utgåva av Turnstiles frå 1998.

Andre versjonar endre

Sidan Joel først spelte og gav ut songen i 1976, vart han raskt ein popstandard som vart spelt av mange andre artistar, som Barbra Streisand, Lea Michele og Melissa Benoist, Joanna Wang, Elton John, Shirley Bassey, Oleta Adams, Carmen McRae, Mark-Almond, Diane Schuur, Ben Sidran, Mel Tormé, Frank Sinatra, Adam Pascal og Tony Bennett.

Bennett og Joel spelte inn songen som ein duett for Bennett-albumet Playin' with My Friends: Bennett Sings the Blues i 2001 og dei fekk ein Grammy-nominasjon for beste popsamarbeid i 2002. Dei to framførte songen på Grammyutdelinga det året, og igjen ved Shea Stadium under Joel-konserten i 2008 til minne om rivinga av stadionet.

Joel har òg spelt songen som ein duett med Elton John ved fleire høve, og med countrysongaren Garth Brooks under konserten til Brooks i Central Park i 1997, og igjen med Bruce Springsteen and the E Street Band som ein av Springsteen sine gjester under konserten «Rock and Roll Hall of Fame 25th Anniversary Concert» i Madison Square Garden i New York City den 29. oktober 2009.

I fjernsyn endre

Dr. Teeth and The Electric Mayhem frå The Muppets framførte songen i ein episode av The Muppet Show med Madeline Kahn.

Lea Michele og Melissa Benoist framførte songen i den første episoden i sesong 5 av fjernsynsshowet Glee.

Kjelder endre

  1. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 309. ISBN 0-87586-207-1. 
  2. «Billy Joel interview», The Howard Stern Show – via YouTube 

Bakgrunnsstoff endre