Newryelven og Clanrye er to nemningar som begge blir brukt om ei elv i Nord-Irland. Elva renn gjennom byen Newry og ut i Carlingford Lough nær Warrenpoint. På nokre kart blir delen nedstraums frå byen kalla «Newry River» medan strekninga frå utspringet i Mournefjella til byen blir kalla «Clanrye». Det finst likevel òg andre kjelder som ikkje gjer dette skiljet.

Newry-elva
elv
Newryelva/Clanrye i Newry
Kart
Newry-elva
54°06′00″N 6°16′00″W / 54.1°N 6.2666666666667°W / 54.1; -6.2666666666667
Wikimedia Commons: Clanrye River

Rådhuset i Newry er bygd på ein brukonstruksjon over elva.

Lokalt kallar ein òg elva «The County River» ('grevskapselva') fordi ho utgjer store delar av grensa mellom grevskapa Down og Armagh.

I følgje tradisjonen skal St. Patrick på ei av reisene sine i Irland ha slått leir ved elva. Her planta han eit barlindtre som skulle symbolisere den veksande kristne trua i Irland. Eit klostersamfunn vart oppretta ved elva, og frå 1144 eit cisterciensar-kloster.

Kjelder endre