Ngāruawāhia (uttalt /ŋa:ɾuawa:hia/) er ein by i regionen WaikatoNordøyaNew Zealand. Ved folketeljinga i 2006 hadde byen eit innbyggjartal på 5 106.[4]

Ngaruawahia
by
Land  New Zealand
Region Waikato
Distrikt Waikato District
Folketal 6 580 (30. juni 2018)[1]
Kart
Ngaruawahia
37°40′05″S 175°08′49″E / 37.668°S 175.147°E / -37.668; 175.147
Wikimedia Commons: Ngaruawahia

Det har vorte sett fram to tydingar av namnet til byen. Den eine er 'lat opp matgrytene', som skal koma frå ein fest som vart halden for fleire hundre år sidan for å feira samlinga av to stammar gjennom eit bryllaup.[5]

Ei noko lausare omsetjing av ordet Ngāruawāhia (Wāhia-ngā-rua) tyder 'staden til dei to elvene' på maorispråk, med tanke på at elvene Waipa og Waikato renn saman her.

Geografi endre

 
Waikatoelva renn gjennom Ngāruawāhia

Ngāruawāhia ligg 20 km nordvest for Hamilton, der elvene Waikato og Waipa renn saman.

Invasjonen i 1863 endre

Etter Invasjonen i Waikato i 1863 av britiske imperietroppar fekk byen namnet Newcastle, men det vart snart etter endra attende til Ngāruawāhia.

Kīngitanga endre

Ngāruawāhia er hovudsete for maorirørsla Kīngitanga eller King Movement. Dette var den offisielle residensen til den avdøde maoridronninga Te Arikinui Dame Te Atairangikaahu. Tūrangawaewae Marae ligg på den austlege elvebreidda til Waikatoelva i Ngāruawāhia, og vart etablert her i 1921.

Referansar endre

37°40′S 175°9′E / 37.667°S 175.150°E / -37.667; 175.150

  Denne geografiartikkelen som har med New Zealand å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.