Nick E. Hysong (fødd 12. desember 1971) er ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Winslow i delstaten Arizona som i 2000 vart olympisk meister i stavhopp og året etter tok VM-bronse i same øvinga.

Nick Hysong
Statsborgarskap USA
Fødd 9. desember 1971 (52 år)
Winslow
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000

Hysong var nordamerikansk studentmeister 1994 i stavhopp. I sin internasjonale meisterskapsdebut i Sevilla-VM 1999 kom han på delt fjerdeplass. Året etter overraska han med å vinne stavtevlinga ved dei olympiske sommarleikane 2000 i Sydney med ny personleg rekord, 5,90 meter. Han sikra seg gullmedaljen ved å klare høgda i fyrste forsøk, medan nummer to, tre og fire i tevlinga, som alle tre også gjekk over 5,90 m, måtte ha både to og tre forsøk før dei smaug seg over lista/lekta.

Året etter tok Hysong bronsen under verdsmeisterskapen i kanadiske Edmonton. Han tok seg over 5,85 m, same høgda klarte fire av konkurrentane. Einast ein av dei svinga seg over større høgder, Dmitri Markov som representerte Australia, vart verdsmeister med imponerande 6,05 meter. Hysong deltok også i Helsinki-VM i 2005, der han kom på ein tredelt femteplass.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre