Nicolas Froment (ca. 1435–ca. 1486) var ein fransk-provençalsk målar under ungrenessansen. Han var ein av dei fremste representantane for den såkalla andre Avignon-skulen innanfor målarkunsten.

Nicolas Froment
Statsborgarskap Kongedømet Frankrike
Fødd 1430
Uzès
Død

1484 (54 år)
Avignon

Yrke kunstmålar
Sjanger portrett
Nicolas Froment på Commons
Midtbiletet i triptykonen i Aix-en-Provence

Froment vart fødd i Uzès i Languedoc-Roussillon. Eit av hovudverka hans er altartavle frå 1461 som viser då Lasarus vakna opp frå dei daude. Den 12. februar 1470 fekk han i Aix-en-Provence i oppdrag å måle eit altarskåp, der midtbiletet skulle syne Marias død, og sideskåpa helgenkvinnene Maria Magdalena og Katarina. Dette statelege, fargeglitrande altarskåpet stod ferdig 1475 i domkyrkja i Aix, der madonnaen står i ei brennande tornerosebuske og viser seg for ein gjetar. Sidene i skapet inneheld portrett av kong René I av Napoli og kona Isabella I av Lothringen.

Froment døydde i Avignon.

Kjelder endre