Nicolaus Adam Strungk

tysk komponist

Nicolaus Adam Strungk (døypt 15. november 1640 i Braunschweig, død 23. september 1700 i Dresden) var ein tysk fiolinist og barokk-komponist.

Nicolaus Adam Strungk
Fødd15. november 1640
FødestadBraunschweig
Død23. september 1700 (59 år)
DødsstadDresden
OpphavBrunswick-Wolfenbüttel
Instrumentorgel
Verka somkomponist, dirigent
Namnetrekket til Strungk

Den første orgelundervisninga fekk han av faren, Delphin Strungk, som var komponist og organist i Braunschweig. Etter avslutta studium leia Nicolaus Adam Strungk først Hamburger Ratsmusik. I 1688 blei han visekapellmester og hofforganist i Dresden, frå 1693 var han hoffkapellmester før han i 1696 blei leiar av operaen i Leipzig.

Han hadde fire døtrer, av desse blei Christine Dorothea Lachs ein omtykt poet i si ega tid.

Verk endre

 
Manuskriptet til Laudate Pueri

Strungk skreiv fleire operaer for Hamburg og Leipzig. Av instrumentalmusikk er det framfor alt bevart klaver- og orgelverk. Dessutan finst det nokre kyrkjekantater.

Operaer
  • Der glückselig steigende Sejanus (1678)
  • Der unglückselig fallende Sejanus (1678)
  • Die liebreiche, durch Tugend und Schönheit erhöhte Esther (1680)
  • David oder der königliche Sclave (1680)
  • Die drei Töchter Cekrops (1680)
  • Alceste (Hamburg, 1680) (usikker, eventuelt av Johann Wolfgang Franck)
  • Theseus (1683)
  • Semiramis (1683)
  • Florette (1683)

Litteratur endre

  • Fritz Berend: Nicolaus Adam Strungk. 1640-1700. Sein Leben und seine Werke. Mit Beiträgen zur Geschichte der Musik und des Theaters in Celle, Hannover und Leipzig, München 1913, Freiburg 1915.
  • Max Seiffert: Strunck, Nicolaus Adam. I Allgemeine Deutsche Biographie (ADB). Bind 36, Duncker & Humblot, Leipzig 1893, s. 667–669.

Bakgrunnsstoff endre