Nidwalden
Tysk: Nidwalden
Fransk: Nidwald
Italiensk: Nidvaldo
Retroromansk: Sutsilvania

Våpenet til Nidwalden

Kart som viser kvar i Sveits Nidwalden ligg.

Hovudstad Stans
Folketal 41 024 (2011)
Areal 275,9 km²
Folketettleik 149/km²
Forkorting NW
Kanton sidan 1291
Høgaste topp Rotstöckli (2901 moh)

Nidwalden er ein kanton i det sentrale Sveits. Kantonen har eit areal på 276,1 km2, og hadde 40 759 innbyggarar i 2009. Stans er hovudstad i kantonen.

Geografi endre

Kart over dei elleve kommunane i Nidwalden

Nidwalden ligg om lag midt i Sveits, sør for Vierwaldstättersjøen. Nidwalden er, saman med Obdwalden, dei einaste kantonane som ikkje har grense til eit anna land. Kantonen grensar mot kantonane Luzern, Obwalden, Uri og Bern. Høgste fjellet i kantonen er 2 901 moh høge Rotstöckli, fjellet ligg i utkanten av Uri-Alpane. Størstedelen av kantonen høyrer til dei sentralsveitsiske foralpane. Lågastliggande punktet er Vierwaldstättersjøen på 434 meter over havnivå.

Demografi og språk endre

Ganske nøyaktig 10% av dei fastbuande har utanlandsk statsborgarskap. Majoriteten i Nidwalden, 92,5%, talar tysk. Men det er klare dialektskilnader innom kantonen. Ein liten minoritet, 1,4%, har italiensk morsmål, medan 1,2% snakkar serbokroatisk.

Religion endre

75,6% av innbyggarane var i 2000 romersk-katolske, medan 11,9% sokna til den reformerte kyrkja i Sveits (Schweizer Reformierte Kirchen).

Kommunar endre

Nidwalden består av elleve kommunar. Det er Beckenried, Buochs, Dallenwil, Emmetten, Ennetbürgen, Ennetmoos, Hergiswil, Oberdorf, Stans, Stansstad, Wolfenschiessen.

Historie endre

Saman med Obwalden utgjer Nidwalden Unterwalden, som var ein av dei tre urkantonane som i 1291 danna det første sveitsiske eidsforbundet. Fram til 1999 var Nidwalden ein halvkanton, talde berre ei halv røyst under avrøystingar i det sveitsiske stenderrådet. Etter endringar i den sveitsiske grunnlova, har Nidwalden ei røyst i stenderrådet, dei fleste andre kantonane har to røyster.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre