Niedere Tauern er ei fjellkjede i sentrale område av Austerrike og ein del av Aust-Alpane. Ho ligg like aust for Hohe Tauern i forbundslanda Salzburg og Steiermark, frå Murtörl i vest til Schoberpasset i aust. Fleire skisenter ligg i Niedere Tauern, derimellom Obertauern og Schladming.

Kart over Niedere Tauern (gul farge) si plassering i Aust-Alpane (lysegrå farge)

Niedere Tauern markerte den austlege grensa for det samanhengande isdekket under den siste istida (Weichsel-istida). Austlege delar av fjellkjeda var derfor utan is og var eit viktig refugium for kiselhaldige planter.

Niedere Tauern vert vidare delt opp i Radstädter Tauern, Schladminger Tauern, Wölzer Tauern, Rottenmanner Tauern og Seckauer-alpane. Det høgaste fjellet i Niedere Tauern er Hochgolling i Schladminger Tauern med 2 863 meter.

Koordinatar endre

47°18′N 14°00′E

Kjelder endre